Desse to båtane vil bli ein del av kvardagen for elevane i Hareid kommune.
Erlend Friestad
– Det vart ein frisk tur, med frisk bris i kasta, særleg over Remøyholmen til Flø og rundt Kvitneset. Men båtane er stødige og trygge, og takla forholda med god margin. Eg fekk prøvd dei sjølv, før vi sender vaksne, barn og ungdomar ut på sjøen, fortel kommunalsjef Helge Hamre om turen då han henta båtane.
Båtane han snakkar om er to brukte Øien-båtar med 9,9 og 25 hestar som han henta på Haugsholmen rett sør av Kvamsøya i Sande kommune tidlegare i haust.
Ein del av identiteten vår
Hamre har knytt til seg fleire nøkkelpersonar ved skulane i sentrum for å teste og utvikle tilbodet. Bjørn Vegard Bjåstad frå Hareid skule meiner prosjektet gir ei unik moglegheit:
– Vi bur i ei bygd med sterk tilknyting til havet. Å bruke, hauste og meistre sjøen høyrer til identiteten vår. Dette prosjektet gir oss sjansen til å føre kulturarven vidare, seier han.
Eiliv Tore Howlid, frå vaksenopplæringa ved Ressurssenteret, ser at mange elevar, særleg dei med ukrainsk bakgrunn, viser stor interesse for båt og fiske. Gjennom praktisk arbeid får dei både språkleg og fagleg utvikling.
– Praktiske aktivitetar er veldig bra for norskopplæringa. Vi bur på ei øy med vatn på alle kantar då er aktivitetar på sjøen viktige. Symjeundervisning er også ein del av det vi tilbyr, og båtane er med på å knyte det heile i hop, seier han.
Artikkelen held fram under biletet.
Helge Hamre, kommunalsjef i sektor for læring og kultur; Eiliv Tore Howlid, frå Ressurssenteret og Bjørn Vegard Bjåstad, frå Hareid skule inspiserer båtane.
Erlend Friestad
Elevane lærer å meistre sjøen
Elevane lærer å bruke og vedlikehalde båt, ferdast trygt på sjøen og fiske med ulike reiskapar.
– Med god opplæring kan også dei eldste på barneskulen handtere båtar med motor opp til 9,9 hk. Éin av båtane har 25 hk og krev førar over 16 år, forklarer Hamre.
Satsinga skal vere tverrfagleg og inkluderande. Elevane som ikkje trivst med tradisjonell undervisning får nye arenaer for læring og meistring.
– Her kan elevar som ikkje har same akademiske interesse få tileigne seg kunnskap og kompetanse på andre måtar. Det er viktig at vi ser verdien i praktisk læring og gir rom for ulike styrkar, seier Bjørn Vegard.
I tillegg:
– På sjøen legg ein sorgene igjen på land. Aktiviteten gir ro, fellesskap og sjølvtillit, seier han.
Friluftsliv gir fagleg forankring
Arnstein Aurvåg, lærar ved Hareid ungdomsskule, ser stort potensial i å knyte prosjektet til kompetansemåla i friluftsliv:
– Elevane skal utforske nærmiljøet, kle seg rett, ta vare på utstyr og ferdast trygt i naturen. Alt dette passar perfekt inn i eit kystbasert friluftsliv. For ein kommune med lang historie innan båt og fiskeri er dette midt i blinken.
– Båtførarprøva passar spesielt godt for ungdomstrinnet. Kanskje kan vi etter kvart tilby dette som valfag? Leiinga er i alle fall open for å utforske den moglegheita.
Erfaring frå tidlegare prosjekt
Initiativet om båt-klasserommet kom frå kommunalsjef Helge Hamre. Han har testa ut liknande opplegg som lærar i Austefjord og inspektør i Ørsta. Seinare tok han ideen med seg til Herøy kommune, der prosjektet voks frå 12 demotiverte elevar til 90 elevar fordelt på tre årskull ved Ytre Herøy ungdomsskule sitt valfag.
No startar Hareid kommune med elevar frå dei to skulane i sentrum, og vil etter kvart knyte til seg krinsskulane i kommunen.
Artikkelen held fram etter biletet.
Båtane ligg sentral i Hareid sentrum og vil vere lett tilgjegeleg.
Erlend Friestad
Inviterer til samarbeid
Båtane kosta 184 000 kroner. Skulane står for drifta, men treng støtte til utstyr, redningsvestar og vedlikehald. Kommunen inviterer privatpersonar og bedrifter til å bidra:
– Ønskjer nokon å støtte oss med pengar, kompetanse, utstyr eller kanskje ein båt – ny eller brukt – så er vi opne for det meste. Ein enkelt redningsvest kan gjere ein forskjell. Ta kontakt med rektor, ein av ressurspersonane eller meg, oppmodar Hamre.
Båtane ligg klare ved brygga
Dei to båtane ligg no ved den kommunale gjestebrygga. I vinter skal dei inn i Flømannbuda for vedlikehald og klargjering. Når sesongen startar i februar eller mars, kan to båtar ha blitt til tre – eller fire.