«Hareid kommune bør bruke sine resurser på annet enn falske værmeldinger!»

I denne artikkelen forklarer vi kvifor vi melder om uvanleg vêr og kvifor vi kjem til å halde fram med å varsle innbyggarane våre når dei bør bu seg på slikt vêr.

Pexels/Ray Bilcliff  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Meldinga i tittelen blei sendt inn anonymt til Hareid kommune måndag. Tilbakemeldinga blei lagt inn under artikkelen om åtvaring om sterk vind vi publiserte i helga.

Vi har den siste veka hatt to rundar med vêr som er heftigare enn vanleg. Hareid kommune har begge gongane varsla på førehand om kva vi kan vente og kva du som innbyggar bør gjere både i forkant og når det står på.

Kanskje enkelte meiner at vêret den siste veka ikkje blei ekstremt nok til at kommunen skal bry seg. Her er vi ueinige og nyttar moglegheita til å fortelje kvifor vi kjem til å halde fram med slike meldingar.

 

Oransje = melding

Policyen vår er at vi varslar innbyggarane våre når Meteorologisk institutt eller NVE har sendt ut varsel på oransje nivå eller høgare. Det skjer ikkje ofte. Oransje varsel betyr at situasjonen er alvorleg, noko som krev at både vi som kommune og innbyggarane våre bør bu seg. Er meldinga raud – som med Gyda – er situasjonen endå meir alvorleg. Som beredskapsaktør er vi ansvarlege for innbyggarane våre si tryggleik. Enkelte av innbyggarane våre er vi endå meir ansvarlege for enn andre, til dømes brukarar av heimeteneste. Her må vi vere ekstra frampå, i tilfelle straumstans eller bortfall av telefon- eller internett som kan setje datasystem og tryggleiksalarmar ut av spel.

 

Ikkje «ulv, ulv»

Å melde vêr handlar mykje om å sjå på sannsynet for at ein vêrtype slår til. Nokon gonger er det lett, når høgtrykket ligg pal, andre gonger er det meir usikkerheit rundt varsla (vindvarselet hadde eit sannsyn på over 50 prosent). Men dess meir alvorleg ei melding er, dess viktigare er det å ta høgde for ho, for konsekvensane av å ikkje reagere kan vere store.

Det er derfor ikkje å rope «ulv, ulv» å varsle vêr som blei snillare enn venta. Det er å vere føre var. Vi trur også reaksjonane, med rette, hadde vore svært sterke om vi ikkje brydde oss om eit farevarsel som slo til med full tyngd.

Uansett, det skader ikkje å reinse sluk, stikkrenner og ristar når det skal regne mykje, eller feste lause gjenstandar når det skal blåse. Å ha klar lommelykt og opplada telefon kan også vere smart viss straumen går – og den kan forsvinne på grunn av ei hending langt unna Hareid.

 

Lokale forskjellar

Farevarsla frå Meteorologisk institutt og NVE gjeld for eit større geografisk område, til dømes heile fylket. Det gjer at det vil vere store lokale forskjellar. Ein del av desse forskjellane vil vere skildra i teksten som følgjer varselet på varsom.no. Vi forsøker etter beste evne å ta desse atterhalda med når vi melder vidare om konsekvensane for vår kommune. Når det gjeld meldingane den siste veka, har vi også vore i kontakt med Meteorologisk institutt og fått dei lokale prognosane sidan vi låg i utkanten av begge farevarsla. Prognosane traff ganske bra.

Til Gyda meldte vi at vi kunne vente «60-80 millimeter med nedbør» på eit døgn. Fasit: 75.

Til vindvarselet meldte vi at prognosane var storm med orkan i kasta. Dei traff på kastevindane, då det blei målt over 40 meter per sekund på vindmålaren ved Skafjellet og over 30 ikkje langt unna oss (Ålesund). Kanskje var den jamne vinden ikkje like kraftig som venta, men kvar du er i kommunen vil også ha mykje å seie for opplevinga di av vêret. Er du i le av eit fjell eller inne i ein fjord, merkar du mindre enn om du står på utsida.

 

Puste letta ut

Vi kjem til å halde fram med å melde varsel som er oransje eller raude – anten det er vind eller vatn dei gjeld. Så kan vi heller puste letta ut om vêret som blei meldt ikkje blei like heftig som det såg ut til.