Ordførar Bernt Brandal og Marte Sletten frå Av-og-til under signeringa av avtalen som gjer Hareid kommune til ei Av-og-til-kommune. Bak frå venstre: kommunedirektør Bent Arild Grytten, kulturleiar Melinda Skeide og folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes
Hareid kommune
Gjennom samarbeidet med Av-og-til får kommunen tilgang til gratis informasjonsmateriell, kampanjar og verktøy som kan brukast i det førebyggande folkehelsearbeidet. Målet er å skape meir medvit om alkoholbruk og bidra til gode val i ulike livssituasjonar.
Av-og-til arbeider med tema som alkohol i samvær med barn og unge, unge vaksne og eldre sin alkoholbruk. Organisasjonen set også søkjelys på tryggleik og gode val knytt til alkohol i trafikken og på sjøen. Arbeidet handlar ikkje om å vere mot alkohol, men om å reflektere over når, kvar og korleis alkohol blir brukt.
– Dette er ein viktig del av folkehelsearbeidet vårt. Gjennom Av-og-til får vi gode verktøy som gjer det enklare å arbeide systematisk med informasjon og haldningsskapande arbeid, seier folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes. Ho har allereie starta arbeidet med å informere og involvere ulike tenester i kommunen. Framover vil også frivillige lag og organisasjonar bli inviterte med i samarbeidet.
Ordførar Bernt Brandal er glad for at Hareid no er med i nettverket.
– Det handlar om å skape medvit og gode haldningar. Vi ønskjer å bidra til ope og naturleg ordskifte om tema som vedkjem mange av oss, seier Brandal.
Som Av-og-til-kommune vil Hareid framover dele informasjon og gjennomføre aktivitetar retta mot ulike målgrupper gjennom året. Målet er å styrkje folkehelsa og bidra til trygge og gode oppvekst- og nærmiljø for alle.
Under julegata 28. november vil Hareid kommune ha ein eigen Av-og-til-stand. Folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes vil vere til stades og dele informasjon om Av-og-til.
Hareid kommun