Hareid kommune i finalen til å bli Årets nynorskkommune!

Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som tek særleg godt vare på det nynorske skriftspråket.

 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Hareid kommune er i finalen saman med Kvinnherad kommune, Sunnfjord kommune og Voss herad.

– Vi har fått inn mange gode søknader frå både små og store nynorskkommunar i år. Det er oppløftande å sjå så mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane. Samtidig gjer det arbeidet med å velje ut priskandidatar vanskeleg. Etter ei samla vurdering av nynorskarbeidet i kommunane har juryen landa på fire verdige kandidatar til prisen Årets nynorskkommune 2020, seier seksjonssjef i Språkrådet Margrethe Kvarenes, i ei pressemelding.

Kvarnes leiar juryarbeidet på vegner av Kulturdepartementet. I juryen sit også representantar for Nynorsk kultursentrum, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og KS.


 

Juryen har i år lagt ekstra vekt på god bruk av nynorsk i informasjon til innbyggarane under koronakrisa.

 

– Dei nominerte nynorskkommunane imponerer med god koronainformasjon i eigne kanalar, seier Kvarenes. 

Hareid kommune sitt nynorskarbeid overfor innvandrarar blir også løfta fram.

Prisen på 100.000 kroner blir delt ut av kulturministeren 30. oktober.

Les meir på Språkrådet sine sider.