Hareid-skulane best i fylket under TV-aksjonen!

Hareid er per no på andreplass i Møre og Romsdal i TV-aksjonen 2026, berre slått av Stranda. Det er samla inn 71,24 kroner per innbyggar. Av desse har skulane samla inn 32,83 kroner per innbyggar – noko som gjer dei til best i fylket med soleklar margin!

masse barn på rekke i ein skulegard - Klikk for stort bileteAndre klasse på Bigset skule er nøgd med innsatsen etter joggedagen for TV-aksjonen - og det har dei all grunn til å vere. Samla sett gjorde skulane i Hareid kommune det beste i fylket! Elisabeth Grimstad Kirkebø

Med 71,24 kroner per innbyggar ligg Hareid på andreplass blant dei 27 kommunane i Møre og Romsdal. Berre Stranda har samla inn meir per innbyggar.

Tala er frå 21. oktober klokka 09.00.

Sjå oppdaterte tal:

Bøsseberarane dekte alle rodene

På sjølve TV-aksjonsdagen bidrog frivilligsentralen både med gjennomføringa og med å skaffe bøsseberarar. Sjølv om det mangla nokre påmelde bøsseberarar, tok rodeleiarane og dei frammøtte ansvar, slik at alle rodene vart dekte også i år. Tilbakemeldingane viser at om lag halvparten av husstandane var heime då bøsseberarane kom. Etter fullført rode vart det servert kaffi og noko å bite i på alle oppmøtestadene. Det fine vêret gjorde òg aksjonsdagen til ein god søndagstur for både små og store.

– Det var som alltid kjempekjekt å sjå alle som stilte opp! Nærare 100 var med – 63 registrerte bøsseberarar og nærare 30 born. Eg fekk dele ut 30 diplom, og det var ekstra kjekt å sjå engasjementet blant dei yngste. Tusen takk til alle som stilte opp, og til alle som har bidrege til TV-aksjonen. Det er flott å sjå kva vi får til saman, seier ordførar Bernt Brandal.

Skulane sprang for TV-aksjonen

Også skulane i Hareid engasjerte seg sterkt i årets aksjon – som vanleg. Gjennom joggeaksjonar fekk elevane kombinere fysisk aktivitet med innsamling til menneske på flukt. Skulane har samla inn 32,83 kroner per innbyggar. Det er den høgaste summen per innbyggar blant skuleinnsamlingane i heile fylket.

  • Hareid skule: 77 597 kroner
  • Bigset skule: 42 431 kroner
  • Hjørungavåg skule: 34 645 kroner
  • Brandal friskule: 13 210 kroner
  • Hareid ungdomsskule: 9 749 kroner

 

To personar framfor eit bord med tombolagevinstar - Klikk for stort bileteDei tilsette ved Hareid ungdomsskule arrangerte tombola til inntekt for TV-aksjonen Renate Liaset

Ved Hareid ungdomsskule arrangerte dei tilsette tombola, medan 9. trinn hadde kafé med sal av sveler og pizzabollar. Elevane på 8. trinn gjennomførte joggedag. Det same gjorde barneskulane. Før joggedagen skaffar elevane seg sponsorar som gir eit avtalt beløp for kvar runde dei spring. Dette er ein aktivitet som engasjerer både føresette, besteforeldre og ikkje minst elevane sjølve. Det er meldt om barneskuleelevar som sprang nesten 16 kilometer, men kanskje mest imponerande var 1.-klassingen som sprang nesten 12 kilometer!

Det er framleis mogleg å gi til TV-aksjonen. Du kan støtte Spleis-aksjonane til skulane eller gi direkte til den sentrale innsamlinga med Vipps-nummer 2133.

Lenker til spleisane: 

Hareid skule 

Hareid ungdomsskule

Bigset skule

Hjørungavåg skule

Brandal friskule 

 

Kva går pengane til?

Kvart andre sekund må eit menneske flykte frå krig og konflikt. Årets TV-aksjon går til NRC Flyktninghjelpen og skal bidra til at over 400 000 menneske får tryggare og betre butilhøve i Syria, Gaza, Afghanistan, Tsjad, Sudan og DR Kongo.

Ein heim er meir enn fire veggar og eit tak. Han gir tryggleik, vern og ein stad å høyre til. Når familiar får ein stad å bu, blir det òg lettare å finne arbeid og sende barna på skule. Slik kan kvardagen bli meir stabil, og grunnlaget for ei ny framtid kan byggjast.

Pengane frå årets TV-aksjon skal gå til telt og andre naudbustader, mellombelse og permanente heimar, vass- og sanitærprosjekt og juridisk hjelp.

 

Lågare enn dei siste åra

Beløpet per innbyggar i Hareid er førebels lågare i 2026 enn dei fire føregåande åra. Resultatet var 83 kroner per innbyggar i 2022, 81 kroner i 2023, 95 kroner i 2024 og 78 kroner i 2025. Årets 71,24 kroner per innbyggar er dermed førebels det lågaste resultatet i denne 5-årsperioden.