Hareid styrkar kompetansen i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme

I haust har ungdomsarbeidar Renate Seljeseth Bøe, tiltakskoordinator ved Hareid ungdomsskule Stian Mork Auberg, sjukepleiar ved helsestasjonen Gard Gryt Grimstad og SLT- og folkehelsekoordinator Silje Kiperberg Aksnes gjennomført RVTS Vest si nasjonale fagopplæring i førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.

alle deltakarane av kurset samla i gruppebilde - Klikk for stort bileteFoto: RVTS Vest

Opplæringa gjekk over tre samlingar à tre dagar i Bergen og samla deltakarar frå 22 kommunar i landet. Tema var mellom anna korleis barn og unge kan bli rekrutterte til ekstreme miljø gjennom digitale plattformer, korleis ein kan kjenne att teikn på radikalisering, og korleis ein kan bidra til førebygging og tidleg innsats.

Gjennom opplæringa har deltakarane fått auka kunnskap og konkrete verktøy som kan nyttast i møte med barn, unge og familiar. Målet er å styrkje kommunen sitt førebyggande arbeid og vere betre rusta til å fange opp uro og utfordringar på eit tidleg tidspunkt.

Det viktigaste arbeidet skjer tidleg

Det er viktig å hugse på at dei mest effektive førebyggande tiltaka blir sette inn lenge før det oppstår teikn på radikalisering. Å skape gode og inkluderande fellesskap, førebyggje utanforskap og sikre at barn og unge opplever tilhøyrsle og meistring, er blant dei viktigaste tiltaka for å redusere risikoen for både kriminalitet, radikalisering og andre utfordringar.     

Frå venstre: Silje Kiperberg Aksnes, Renate Seljeseth Bøe, Gard Gryt Grimstad, Stian Mork Auberg. Hareid kommune

Interkommunal ressursgruppe

Som ein del av SLT-arbeidet har Hareid og Ulstein kommunar ei felles ressursgruppe for førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme, der desse fire er med. Rådgjevar ved Hareid ungdomsskule Tine Helen Jessen, flyktningkonsulent Ingeborg Bjåstad, rettleiar ved Nav Dorthea Fransen Gusdal og fleire tilsette frå Ulstein kommune har teke opplæringa tidlegare og er også ein del av ressursgruppa. Ressursgruppa kan koplast på dersom det oppstår spørsmål, bekymringar eller uro knytt til mogleg radikalisering. 

Sjå heimesida for meir informasjon.

Med denne kompetansehevinga står kommunen endå sterkare i arbeidet for trygge oppvekstvilkår, inkludering og tidleg førebygging.

Tilskotsmidlar gjorde opplæringa mogleg

Deltakinga har vore mogleg gjennom tilskotsmidlar frå Sekretariatet for konfliktråda, som har dekt alle utgifter knytte til opplæringa. Det var også desse midlane som vart nytta til SLT-fagtreffet i oktober, les meir om det her.