Held fram med grøfta i Kjøpmannsgata

Det vil bli naudsynt å stengje Kjøpmannsgata frå Helsehuset til Drammensvegen. Butikkane vil vere tilgjengelege som normalt.

Kjøpmannsgata vil blir stengt frå Helsehuset og opp til Drammensvegen frå onsdag 6. januar. Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Bilar må køyre rundt ved Nobba. Syklistar og gåande kan passere foran Apotek/Sport1 og gå på baksida av "Rosabygget". Onsdag 6. januar vil vi fortsette vidare med vatn- og avlaups-grøfta frå Helsehuset og opp mot Loket.

Då blir det naudsynt å stenge vegen frå Helsehuset og opp til Drammensvegen. Forretning/leilegheiter i Kjøpmannsgata 27 og 31 vil ha tilkomst som normalt med mindre anna blir varsla.

Kjem du frå Eurospar må du køyre om Nobba. Det vil ikkje vere ope bak "Rosabygget". Syklistar og gåande kan passere foran Sport1/Apotek og bak Rosabygget.

Krysset Drammensvegen/Kjøpmannsgata vil vere ope eit par-tre veker til. Vi vil varsle når det blir stengt.