Her er budsjettforslaget!

Kommunedirektøren har lagt fram sitt budsjettforslag. Det er lagt opp eit svært stramt budsjett, derfor er det ikkje føreslått å auke eigedomsskatten.  

«Handlingsprogrammet for 2021-2024 har blitt utarbeidd i ein situasjon med svært stor usikkerheit for kva som vil møte oss i perioden. Det kan derfor verte behov for større budsjettjusteringar og fleksibilitet i 2021 enn det som er vanleg. Det er ikkje foreslått auke i eigedomsskatten no, då vi ser at covid19-pandemien også råkar innbyggarane våre hardt. Dersom konsekvensane av pandemien for kommuneøkonomien vert større enn det vi klarer å handtere på anna vis eller dei planlagde innsparingstiltaka ikkje let seg gjennomføre, kan ein siste utvei likevel verte å auke eigedomsskatten i februar med verknad for 2021», skriv konstituert kommunedirektør i handlingsprogrammet.

Formannskapet skal handsame budsjettet 23. november. Så skal kommunestyret fatte endeleg vedtak i møte 10. desember. Begge møta blir sendt direkte på nett/Facebook.

Her kan du sjå dei andre møta/presentasjonane av budsjettet.