Her er endringane for SFO i Hareid kommune

Frå 1. mars 2025 trer nye forskrifter for skulefritidsordningane (SFO) i Hareid kommune i kraft. Endringane gjeld både opningstider og brukarbetaling.

illustrasjonsbilete - Klikk for stort bilete Pexels.com

Endringane blei vedtek i kommunestyret 13. februar.

 

Ordinær opningstid

SFO i Hareid kommune har ordinær opningstid før og etter skuletid for 1.-4. trinn, og for barn med særlege behov på 5.-7. trinn. Opningstidene er som følgjer:

  • Hareid skule: 07.10 – 16.10
  • Bigset skule og Hjørungavåg skule: 07.05 – 16.15

Tilbodet følgjer skuleåret. Det er ikkje SFO-tilbod i haust-, jule-, vinter- og påskeferie. I sommarferien vil SFO vere ope ei veke etter skuleslutt (veke 26) og to veker før nytt skuleår startar (veke 32 og 33). Opningstida kan bli justert basert på behov, kartlagt gjennom skjemaet «avtale mellom heimen og SFO».

 

Nye betalingssatsar

Satsane for foreldrebetaling vert fastsette av Hareid kommune for kvart budsjettår, med mogleg prisjustering frå 1. januar eller 1. august. Matpengar kjem i tillegg til betalingssatsen. Elevar med særskilde behov frå 5.-7. klasse, som har rett på gratis SFO, må også betale matpengar.

Brukarbetaling er fordelt over 11 månader, frå 1. august til 30. juni, med betaling i etterkant. Om ein hentar etter stengetid eller utover sine timar, blir ein belasta for påbegynt time ut frå gjeldande satsar.

Dei nye betalingssatsane for SFO gjeld frå 1. mars 2025. Elevar på 1.-3. trinn som har 12-timars tilbodet, kan berre nytte desse timane etter undervisningstid.

Betalingssatsar for skulefritidsordning (SFO)
Tilbod12 timar i veka24 timar i vekaMerknadSats med 30% rabatt (12t / 24t)Sats med 50% rabatt (12t / 24t)
Elevar på 1. -3. trinnGratis1800 kroner12-timarstilbodet kan berre nyttast etter skuletid.
Elevar på 4. trinn2700 kroner3600 kroner1968 / 25201350 / 1800
Einskildtimar (utover avtala opphaldstid)200
Matpengar260 kroner (på begge tilbod)

 

For meir informasjon, ta kontakt med skulen.

Her kan du lese heile SFO-forskrifta. (PDF, 304 kB)