Her er vår nye kommuneoverlege og fastlege

Som kommuneoverlege skal Andreas Hunger skal ha «ansvar» for helsa til alle innbyggarane. Men han vil også sjå ekstra til dei han er fastlege for.

Portrett av Andreas Hunger. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Andreas Hunger (50) kjem frå stillinga som rehabiliteringslege på Muritunet. Andreas er opphaveleg frå Tyskland, men har budd i Noreg sidan 2001. Då hadde han fyrst eit opphald i Eiken (Agder) før han i 2006 flytta til Ålesund der han bur no.

I Noreg har han for det meste vore lege i kommunehelsetenesta, i hovudsak som fastlege, men også kommuneoverlege i enkelte periodar. Han har også jobba på fysikalsk medisinsk avdeling ved Ålesund sjukehus.

Han vil vere fastlege i 50 prosent og kommuneoverlege i 50 prosent. Oppgåver som kommuneoverlege vil mellom anna vere å ha oversikt over helsetilstanden til innbyggarane i kommunen og kva samfunnsfaktorar som påverkar helsetilstanden til innbyggarane. Han vil gi råd om helsefremmande tiltak og prioriteringar, og om fordeling av helseressursane basert på konsekvensanalysar. Han vil også ha det faglege tilsynet med helsetenesta i kommunen.

Andreas er gift og har tre barn i alderen 11-19 år. Fritida blir nytta til å følgje opp ungane, sjølv om dei to eldste er rimeleg sjølvgåande. Den yngste går på piano, så det har gitt Andreas høve til å ta opp si eiga pianospeling igjen – men han lovar ingen konsertar med det fyrste, altså. Elles likar han godt å sykle, gå tur med familiehunden eller ta ein padletur med kajakken som ligg i naustet i Bjørkavågen. Her ligg det også ein gamal færing som treng vedlikehald.