Her er vinnaren av Kulturprisen 2025 – Hareidsprisen

Levekårsutvalet har vedteke at Kulturprisen 2025 – Hareidsprisen – går til Andreas Eivind Moldskred for hans store innsats og engasjement for friluftslivet i Hareid.

Erlend Friestad

Gratulerer til Andreas Eivind Moldskred med kulturprisen 2025 - Hareidsprisen.

Prisen blei delt ut under stemnefesten på Hareidsstemna.

Grunngjeving for tildeling av Kulturprisen 2025:

Det er Levekårsutvalet i Hareid som kvart år tildeler Kulturprisen – eller Hareidsprisen – eit samarbeid mellom Sparebanken Møre Hareid og Hareid kommune.

Også i år har utvalet hatt fleire verdige kandidatar å velje mellom, noko som nok ein gong stadfestar at det frivillige kulturarbeidet står sterkt i kommunen vår.
Kulturprisen 2025 går til ein person som har gjort ein særleg stor og verdifull innsats innan det utvida kulturomgrepet i Hareid kommune.

Kulturarbeid handlar om vilje til å bruke tid og ressursar på arbeid som kjem andre til gode – om å skape samhald, fellesskap og kjensle av å høyre til.

Det handlar om å sjå verdien av fellesskapet – at det er vi innbyggjarane som saman utgjer bygdene og kommunen vår.
Årets prisvinnar er ein svært engasjert person med ekte interesse for frivillig arbeid i Hareid. Han har lagt ned eit imponerande tal timar på dugnad – og det over mange år.

I Friluftslivets år 2025 er det ekstra gledeleg å kunne heidre ein person som på ein framifrå måte har lagt til rette for eit aktivt friluftsliv for alle.
Prisvinnaren har alltid vore glad i naturen – til fjells, i skog og mark – og har sett verdien av å gjere naturen tilgjengeleg for flest mogleg.

Gjennom mange turar oppdaga han ein mangel for turgåarar: dårleg merking av råsene. Skulle folk verkeleg få glede av naturen, måtte det til betre skilting og oppdaterte kart.
Difor tok han sjølv initiativ til å kartleggje, merke og skilte råser over heile Hareidlandet – og i tillegg halde dei ved like.

I 2020 slo lynet ned og sprengde varden på Skafjellet. Attreisinga kravde mykje arbeid, og no – i august 2025 – er arbeidet fullført, med ein ny og fin rasteplass ved sida av varden.

Prisvinnaren har vore primus motor i dette prosjektet, og har òg teke initiativ til å setje opp ein ver-radar på toppen. Informasjonen frå radaren er no tilgjengeleg for alle.

Han og gode medhjelparar har dessutan steinlagt stien opp til Skafjellet, slik at ein no kan gå tørrskodd heilt til toppen!
Gjennom arbeidet sitt har han òg avdekt og teke vare på verdfulle kulturminne i utmarka – mellom anna dei gamle sommarfjøsane ovanfor Bjåstad, som han har merka og delvis restaurert.

Prisvinnaren er ein særs verdig mottakar av Kulturprisen 2025 for sitt lange og ueigennyttige engasjement for friluftslivet – både som privatperson og gjennom sitt arbeid i Hareid IL.
Levekårsutvalet har vedteke at Kulturprisen 2025 – Hareidsprisen – går til Andreas Eivind Moldskred for hans store innsats og engasjement for friluftslivet i Hareid.