Hovudopptak barnehagar 2020

Har du barn og ønskjer at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten 2020 eller våren 2021? Hugs å søke innan 1. mars.

Klikk for stort bilete Pixabay  

For å sikre at barnet får plass ved den barnehagen du/de ønskjer, oppmodar vi om å søke innan fristen for hovudopptak, 1. mars 2020

I Hareid kommune har vi tre kommunale og ein privat barnehage. Det er felles søknad og opptak ved alle barnehagane.

Dei som ikkje har ID-porten eller ikkje er busett i Hareid kommune må nytte dette skjemaet.

Sjå presentasjonsvideo av Hareid-barnehagane her:


Barn som er fødde til og med november 2019 har rett til barnehageplass frå den månaden barnet fyller 1 år. 

Barnet vert tildelt plass og det vert kravd betaling frå den dagen barnet tar til i barnehagen.

For barn med plass i barnehage kan det søkast om:
•    endring av type plass 
•    overflytting til annan barnehage

Søknadsfrist hovudopptak: 1. mars 2020

Her kan du lese meir om dei kommunale barnehagane: