Påska 2024:

Tenestene våre har reduserte opningstider i påskeveka. Les meir her.

Hovudopptak barnehagar

Hovudopptak barnehagar

Har du barn og ønskjer at barnet ditt skal få plass i barnehage frå hausten same år eller våren neste år? Hugs å søke innan 1. mars.

Korleis søke om barnehageplass?

Du søker barnehageplass til barnet ditt for fyrste gang skal du gjere det gjennom eit skjema i tenesta Vigilo.

Vigilo er eit system som skulane og barnehagane brukar når de skal søke om barnehageplass og elles til trygg og sikker kommunikasjon med heimane.

Har du allereie søkt om barnehageplass treng du ikkje søkje på nytt. Søknaden din vert handsama i hovudopptaket.

 

Kven har rett på plass?

For å sikre at barnet får plass ved den barnehagen du/de ønskjer, oppmodar vi om å søke innan fristen for hovudopptak somer 1. mars.

Søknadar som kjem inn etter 1. mars vert handsama i supplerande opptak.

Barn som er fødde til og med november året før, har rett til barnehageplass frå den månaden dei fyller eitt år.

Barnet vert tildelt plass og det vert kravd betaling frå den dagen barnet tar til i barnehagen.

 

Korleis endre barnehageplass?

Alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehagekan gjere dette inne i foreldreportalen.

For barn med plass i barnehage kan det søkast om:

  • endring av type plass
  • overflytting til annan barnehage
  • seie opp barnehageplass

Alle endringar blir gjort gjennom Vigilo.

 

Her kan du lese meir om barnehagane:

 

Anna

Ved manglande betaling kan kommunen seie opp din barnehageplass. Dei føresette får melding om oppseiing med éin månads frist. Uteståande foreldrebetaling vil elles bli lagt til grunn som avslag på plass ved seinare barnehageopptak og opptak til skulefritidsordningar.

Kontakt

Mariann Båtnes
rådgjevar
E-post
Mobil 90 07 12 42