Høyring – Oppheving av forskrift av stengetid for serveringsstader, Hareid kommune, Møre og Romsdal

Forskrift 21. juli 1986 nr. 1678 om stengetid for serveringsstader, Hareid kommune, Møre og Romsdal foreslås oppheva. Lov og forskrifter denne lokale forskrifta er heimla i, er oppheva.

Hareid kommune sett frå eit stykke opp i Melshornlia. Solnedgang. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Hareid kommune si lokale forskrift er formulert slik: 

 

I medhald av forskrift om orden og stengetider for overnattings- og serveringsstader § 5, jfr. kgl.res. av 17. juni 1983 nr. 1123, har Hareid kommunestyre 3. juli 1986 vedteke at serveringsstadane skal være stengde mellom kl. 23.00 og 06.00.

 

Vedtekta er stadfest av fylkesmannen i Møre og Romsdal 21. juli 1986.

 

I gamal forskrift om «orden og lukningstider for overnattings- og serveringssteder» var det krav om at serveringsstader skulle halde stengt frå klokka 01.00 til klokka 06.00 og at kommunestyret kan fastsette avvikande opningstider som skulle godkjennast av fylkesmannen. 

 

I dagens lov, serveringslova, er det ikkje eit krav om opningstider, men kommunen kan i forskrift fastsette lokale opningstider om ønskeleg. 

 

Har du innspel kan du sende inn dette via denne lenka. Oppgi saksnr 26/857

Høyringsfrist: 17.06.2026