Hurra for frivilligheita!

Laurdag som var markerte Hareid kommune Frivilligåret 2022 med festpynta stand på Julemarknaden i Kjøpmannsgata. 

Bilete av stor marsipankake med teksten "Frivilligåret 2022". - Klikk for stort bileteInga skikkeleg feiring utan marsipankake nok til alle! Renate Seljeseth Bøe
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Frivillig arbeid er med på å danne fundamentet i samfunnet

Kommunen baud laurdag på kaker, gløgg, kaffi og ein god prat. Mange kom innom – og tok praten om nettopp frivilligheit.

Bilete av 3 smilande damer, servering av mat og drikke. - Klikk for stort bileteKjekt at så mange store og små kom innom teltet! Frå venstre: Renate Seljeseth Bøe (barne- og ungdomsarbeidar), Melinda Skeide (kulturkonsulent) og Ragnhild Velsvik Berge (kommunedirektør). Fleire bilete nedst i artikkelen. Johanne Krogstadmo

Under markeringa på scena same dag, framsnakka ordførar Bernt Brandal dei frivillige kreftene med blant anna desse orda: "Utan frivillig arbeid hadde vi hatt eit mykje fattigare samfunn og mange menneske hadde hatt betydeleg dårlegare livskvalitet – vi hadde ikkje lukkast som samfunn. Verdien av det frivillige arbeidet er uendeleg mykje meir enn pengar."

 – Frivillig sektor handlar om medmenneske, verdigheit, engasjement, møta mellom menneske, identitet og verdiar!

Korleis tek vi praten om frivilligheit vidare?

Frivilligåret 2022 er snart over, men arbeidet held fram. Lat oss saman få fram nyansane, breidda og kunnskapen - og lat oss ikkje minst sjå på alle eksempla frå året som har gått og lat dei inspirere oss!

Ein av sambygdingane våre, Anne Gry Eilertsen, fortalde om eigne erfaringar frå frivillig arbeid og heldt ein viktig appell på scena.

Ho snakka blant anna om viktigheita av å spørje om folk vil vere med. Spesielt dei som er åleine eller nytilflytta, då vi må tenkje på at det kan vere ein terskel å prøve å bli med på eige initiativ. Så tenk på om det er nokon du kan spørje om dei kan tenkje seg å vere med på «ditt arbeidslag».

Frivillig arbeid gjer oss stolte av oss sjølve, av menneska rundt oss og av plassen vi bur på

Det å få gjere noko saman med andre bidreg til kjensla av å høyre til, trivsel og bulyst. Her på Hareid snakkar vi om 10-tusenvis av dugnadstimar kvart år. Det er heilt fantastisk når vi så ofte saman opplever resultatet i både daglegliv og i festsamanheng.

Som kommune er vi klar over arbeidet som vert lagt ned, og vi ønskjer å sjå dei frivillige og fremje den gode dialogen på tvers av sektorar.

Vi skal anerkjenne den frivilligheita som allereie er. Noko har det også teke tid å bygge opp att etter pandemien. Vi ser at folk blir motiverte av oppgåvene, at dei har med seg sine eigne verdiar, og ofte også organisasjonen sine verdiar. Slikt skaper kvalitet i arbeidet vidare og er eit fundament for nye oppgåver som ventar.

Gratulerer, Hareid IL!

Frivilligprisen vart og delt ut laurdag. Prisen er eit samarbeid mellom Hareid Frivilligsentral, Sparebanken Møre og Hareid kommune – der vinnaren får 10.000 kroner og eit flott diplom.

4 personar på ei scene. Ein person mottek blomar og diplom. - Klikk for stort bileteOlav Sindre Rise, styreleiar i Hareid IL, tok i mot blomar, diplom og ein symbolsk sjekk på 10.000 kroner på vegne av laget. Frå venstre på scena: Ordførar Bernt Brandal, Olav Sindre Rise, Heidi Pedersen Kvalsvik, leiar for Hareid frivilligsentral og banksjef Ellen Kvalsund, Sparebanken Møre. Johanne Krogstadmo

Prisen gjekk i år til Hareid IL som fyller 100 år i 2022. Vi gratulerer så mykje til ein svært verdig vinnar! 

Grunngjevinga:

«I år går prisen til ein frivillig organisasjon som gjennom mange år har vore viktig i bygda vår. Den femnar vidt, og har tilbod til innbyggjarar i alle aldrar. Den bidreg sterkt til bulyst, trivsel, samhald, meistring og ikkje minst til folkehelsa vår. Dei frivillige i organisasjonen gjer ein stor innsats, særleg for barn og unge. Dei tilbyr aktivitetar der dei legg vekt på gode haldningar, respekt, engasjement, inkludering og deltaking. Dette er viktig for å sikre gode oppvekstvilkår, og det er viktig at vi ser dette, og set pris på det. I år er det Frivilligåret og vi set eit ekstra fokus på all den frivillige innsatsen som vert gjort rundt om i heile landet, og som lokalmiljøa er så avhengige av. Prisvinnaren er ein svært god representant for det frivillige arbeidet i Hareid, og det passar godt å gje prisen til ein organisasjon som femnar om svært mange. Tallause timar med dugnadsarbeid vert lagt ned kvar einaste veke. Det er blant anna innsats i styrearbeid, på anlegga, ved arrangement og som leiarar og trenarar. Det er mange enkeltpersonar som kvar for seg hadde fortent prisen, men ved å gi den til organisasjonen ønskjer ein å hylle alle dei frivillige og den viktige rolla dei har hatt i lokalsamfunnet vårt i mange år. Prisvinnaren fyller 100 år i år, og det er temmeleg mange timar med dugnadsarbeid som er lagt ned gjennom desse 100 åra. Det gjer at dei er ein svært verdig vinnar av Frivilligprisen. Frivilligprisen 2022 går til Hareid Idrettslag!!»

Her er også lenke til artikkel i Vikebladet om arrangementet: 
https://www.vikebladet.no/nyhende/i/3E1m39/dei-fekk-frivilligprisen-i-hareid

Nedanfor finn du litt fleire bilete - tusen
 hjarteleg takk til arrangørane av Julemarknaden for ein fin dag!