Nordic Halibut ønsker å etablere eit oppdrettsanlegg for kveite ved Laupsneset på Almestranda, lengst vekk i bildet her. Kommunedirektøren rår formannskapet til å seie nei til dispensasjonen.
Erlend Friestad
Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå sendinga av møtet direkte eller i opptak, her på nettsida eller på Facebook.
Sjå heile innkallinga og les alle sakspapira her.
Budsjett og økonomiplan for 2027–2030
Den største saka i møtet er budsjettet og økonomiplanen for dei neste fire åra. Formannskapet skal handsame kommunedirektøren sitt forslag før budsjettet går vidare til endeleg handsaming i kommunestyret.
Les meir om budsjettet, prosessen og korleis du kan påverke
Vil vente med innbyggarundersøking om kommunesamanslåing
Kommunestyret har bede om ei sak om ei innbyggarundersøking knytt til kommunesamanslåing. Bakgrunnen er prosessen mellom Herøy, Sande og Ulstein, som no greier ut ei mogleg kommunesamanslåing. Spørsmålet for Hareid er mellom anna når det vil vere rett tidspunkt å spørje innbyggarane.
Kommunedirektøren peiker på to moglege tidspunkt for å høyre med innbyggarane:
- i januar, for å vurdere om Hareid kommune skal kople seg på samanslåingsprosessen i nabokommunane eller
- etter at prosessen i nabokommunane er avklara – anten fordi prosessen er stansa, eller fordi den nye kommunen er eit faktum
Kommunedirektøren meiner ei undersøking allereie i januar vil gi svært kort tid til nødvendige avklaringar med nabokommunane og til å førebu ein god prosess. Samstundes er alternativet framleis usikkert. Tilrådinga er derfor å vente til prosessen mellom Herøy, Sande og Ulstein er avklara. Administrasjonen skal deretter kome tilbake med ei ny sak til kommunestyret.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Tilrår nei til fortøyingar for oppdrettsanlegg ved Laupsneset
Nordic Halibut ønsker å etablere eit oppdrettsanlegg for kveite ved Laupsneset på Almestranda. Sjølve anlegget er planlagt i eit sjøområde der oppdrett er tillate etter gjeldande kommuneplan, men fortøyingane må gå inn i eit område som er sett av til natur, fiske, ferdsel og friluftsliv. Det krev dispensasjon frå kommuneplanen.
Kommunedirektøren tilrår å avslå søknaden. Det blir mellom anna lagt vekt på at kommunen framleis arbeider med den interkommunale kystsoneplanen, og at det er uheldig å binde opp sjøarealet gjennom ein dispensasjon før framtidig bruk av området er avklart gjennom planarbeidet.
Formannskapet gjer vedtak i dispensasjonssaka.
Eigedomsskatten foreslått vidareført på fire promille
Kommunedirektøren foreslår å halde eigedomsskatten på fire promille i 2027. Det er venta å gi kommunen om lag 15 millionar kroner i inntekter. Det blir ikkje foreslått botnfrådrag, medan fritaket i fem år for nybygde bustadar blir vidareført.
For eigedomar der kommunen ikkje kan bruke bustadverdiar frå Skatteetaten, til dømes fritidsbustadar og våningshus, blir det foreslått å auke dei kommunale takstane frå 2014 med ti prosent. Det er rekna med at dette vil gi rundt 67 000 kroner meir i inntekter i 2027.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Vil busette inntil 30 flyktningar
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet har bede Hareid kommune om å busette 30 flyktningar i 2027. Kommunedirektøren meiner kommunen har kapasitet til dette og foreslår at Hareid seier ja til å busette inntil 30. Familiesameinte kjem eventuelt i tillegg.
Kommunen har busett relativt mange flyktningar dei siste åra. Målet for 2026 er 55, medan det blir lagt opp til eit lågare nivå neste år. Kommunedirektøren meiner busetting av 30 vil gi stabile rammer for integreringsarbeidet og gjere det mogleg å halde på kompetansen som er bygd opp.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Felles kontor for helse- og omsorgstenester
Hareid, Herøy, Sande og Ulstein vurderer å opprette eit felles forvaltningskontor for helse- og omsorgstenester. Kontoret skal mellom anna handsame søknadar og klager, gjere vedtak og rekne ut kva brukarane skal betale for enkelte tenester. Målet er mellom anna eit større og mindre sårbart fagmiljø, meir lik praksis og betre tilgang på juridisk kompetanse. Herøy er foreslått som vertskommune.
Kommunane skal framleis ha hovudansvaret for å kartlegge behova til innbyggjarane, gi faglege tilrådingar og følgje opp tenestene lokalt. Kommunedirektøren foreslår at Hareid går inn i samarbeidet frå 1. mai 2027.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Ny avtale om kunst og kultur for barn og unge
Formannskapet skal også ta stilling til ein ny samarbeidsavtale med Møre og Romsdal fylkeskommune om «Ung kunst og kultur» for perioden 2027 til 2030. Ordninga skal styrkje arbeidet med kunst og kultur for, med og av barn og unge. Hareid vil mellom anna prioritere samarbeid mellom ulike kommunale tenester, styrking av UKM og koplinga mellom kultur og folkehelse.
Kommunen ønsker ein tilskotsmodell på 150 000 kroner i 2027. Fylkeskommunen sitt bidrag føreset at kommunen bidreg med minst like mykje sjølv. Eksisterande lønskostnader til medarbeidarar som arbeider med mellom anna UKM, Den kulturelle skulesekken, folkehelse og kulturskule kan reknast som ein del av kommunen sitt bidrag.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.
Felles reglar for vass- og avløpsgebyr
Dei sju kommunane i Sjustjerna arbeider med ei felles forskrift for vatn og avløp. Målet er meir lik praksis og tettare samarbeid mellom kommunane, slik at dei mellom anna lettare kan hjelpe kvarandre med fakturering og sakshandsaming ved sjukdom og anna fråvær. Forslaget har vore på høyring utan at det kom inn innspel.
Ei felles forskrift betyr ikkje at innbyggjarane skal betale det same i alle kommunane. Sjølve gebyrsatsane skal framleis fastsetjast av kvar kommune. Planen er at dei nye reglane skal gjelde frå 1. januar 2027 dersom alle deltakarkommunane vedtek dei.
Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak.