Inviterer til gratis kinovisning for 10. trinn, VGS-elevar og alle lærarar i Ulstein og Hareid kommune

Ulstein og Hareid kommune inviterer ei gratis visning av filmen Drapet på Benjamin Hermansen på Sjøborg kino tysdag 13. oktober klokka 18.00.

ein gut (benjamin) som står på ein fotballbane. Guten fyller nesten heile biletet og ser opp mot høgre. Himmelen er blå og i øvre venstre hjørnet kan ein skimte sola. I bakgrunnen ei trekrekke. - Klikk for stort bileteBenjamin Hermansen er spelt av Elikem Leon Akpan. Filweb

Det er SLT som inviterer, og målgruppa er elevar på 10. trinn, VGS-elevar og alle lærarar i Ulstein og Hareid kommune

Aldersgrense: 15 år

Gratis billett kan bestillast her:
Bestill billett
Kode: SLT2026

 

Kvifor blir nokon fylte av så mykje hat at dei er villige til å ta eit anna menneske sitt liv?

Ei vinternatt på Holmlia i 2001 mister 15 år gamle Benjamin Hermansen livet, berre på grunn av hudfargen sin. Gjerningspersonen er 19 år gamle Joe Erling. Eitt år seinare står mor til Benjamin, Marit, overfor sitt verste mareritt: rettssaka mot drapsmannen til sonen.

Gjennom sterke tilbakeblikk blir vi kjende med dei to gutane før den fatale natta:

  • Benjamin veks opp i eit trygt miljø med vener og ei omsorgsfull mor, men opplever samstundes å bli stigmatisert av politiet.
  • Joe Erling veks opp med grov omsorgssvikt og søkjer tryggleik i det nynazistiske miljøet «Boot Boys».

Både Benjamin og Joe Erling bur i område med låg sosial status og prøver å finne ut kven dei er. Filmen skildrar på ein rystande måte kor sårbart det er å vere ung og leite etter tilhøyrsle – og kor katastrofale konsekvensane blir når hatet får rom til å gro.

No, 25 år etter det rasistisk motiverte drapet på Benjamin, er dette ei historie vi framleis må fortelje. Dette er ein film om rasisme, utestenging, botnlaus sorg og håpet om forsoning i eit samfunn som aldri må gløyme.

Velkommen til ein film som garantert vil vekkje tankar og diskusjon.