Kallar inn til ekstra kommunestyremøte

Det er kome inn eit varsel om kritikkverdige forhold knytt til «Brekkane-prosjektet».

Du kan sjå sendinga frå møte her, direkte eller i opptak frå klokka 12 28. april.

Det var kontrollutvalet som mottok varselet. På grunn av varselet blei det halde eit ekstra møte i kontrollutvalet for å sjå på saka tysdag 22. april.  Varselet er knytt til kommunedirektøren si handtering av prosjektet med bustadane for vanskelegstilte på Brekkane.

I sakspapira til kontrollutvalet skriv sekretariatet at “Ved varsel mot kommunedirektøren bør kommunen sørge for ei ekstern og uavhengig handtering av saka, då kommunedirektøren har eit arbeidsgjevaransvar overfor tilsette.”

Konklusjonen til kontrollutvalet var at dei ber kommunestyret om å bestille ei gransking av kjøp av bustadane og utbyggingsavtalen på Brekkane.  

For å kome raskt i gang med ei mogleg gransking, blir det kalla inn til eit ekstra kommunestyremøte fyrstkomande måndag 28. april klokka 12.

Kontrollutvalet si innstilling til kommunestyret er:

  1. Kommunestyret bestiller gransking av prosessen rundt kjøp av bustadane og utbyggingsavtalen på Brekkane, gjennomføring av utbygginga, ferdigstilling og kommunen si overtaking av prosjektet. 
  2. Granskinga blir finansiert gjennom utsettelse av forvaltningsrevisjonsprosjekt frå 2025 til 2026. 
  3. Sekretariatet for kontrollutvalet hentar inn tilbod på ekstern bistand, og følger opp innkjøpet av tenester (granskinga). 
  4. Granskinga vert rapportert til kontrollutvalet, som handsamar innstilling til kommunestyret. 

 

Leiar i kontrollutvalet, Hallvard Sæverud, vil møte i kommunestyret.

Formannskapsmøtet som var oppsett på same tidspunkt går ut.

Neste ordinære kommunestyremøte er fyrst 26. mai.