Klar for ei natt i naturen? Eller ein fjelltur i dei flotte fjella våre?

I friluftslivets veke 1.-10. september feirar vi norsk natur og friluftsliv.

Tre personar går ned frå Sneldelia i Hareid kommune. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Logoen til Stikk Ut-festival - Klikk for stort bilete

Friluftsråda i Møre og Romsdal inviterer til markering av friluftslivets veke med feiring av Stikk UT og den enorme turgleda i fylket vårt.

Denne veka oppfordrar vi alle til å ta ein tur eller fleire til nokre av dei 500 turmåla i årets sesong. Og ta gjerne med deg nokon på tur, når Stikk UT no fokuserer på verdien av å vere ute i naturen – Saman!

Tema for festivalen er Stikk UT Saman. Gå så mange turar du kan – gjerne saman med nokon. Her finn de oversikt over Stikk ut-turane i Hareid kommune: Stikk ut-turar i Hareid kommune

Sjå Stikk UT!-appen eller stikkut.no for fullstendig oversikt over alle turane i årets sesong. På stikkut.no/festival finn du oversikt over alle arrangement og konkurransar i festivalveka.

Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape flest mogleg gode minner. Norsk friluftsliv er ein interesseorganisasjon for dei norske friluftslivsorganisasjonane, og i friluftslivets veke inviterer også dei til ulike arrangement. Veka sparkast i gang med at heile Norge inviterast til å sove ute under #nattinaturen laurdag 02. september.

Her finn de oversikt over andre arrangement som skal vere denne veka i Møre og Romsdal: https://friluftslivetsuke.no/fylke/more-og-romsdal/

God tur!