Leigeprisar omsorgsbustader, kulturprisar og vegnamn – dette er noko av det som skal opp i folkevalde organ denne veka

12. oktober klokka 15.00 møtest næring- og miljøutvalet. 14. oktober klokka 15.00 møtest levekårsutvalet. Les samandrag av dei viktigaste sakene her.

dronebilde av Pålhaugen omsorgsbustadar - Klikk for stort bileteDei folkevalde skal fastsetje leigeprisane for omsorgsbustadane på Pålhaugen. Desse blir klare til innflytting før nyttår. Namnet på vegen i bakkant av bygningane kjem også på dei folkevalde sitt bord. Erlend Friestad

Møta er som vanleg opne for publikum.

Her kan du lese alle sakspapira.

 

Valkrinsar i Hareid kommune

Politikarane skal igjen drøfte spørsmålet om kor mange valkrinsar Hareid kommune skal ha i framtida. Bakgrunnen er erfaringane frå stortingsvalet i 2025, då kommunen for første gong nytta berre eitt vallokale for heile kommunen. Evalueringa viser at ordninga fungerte godt, med høg valdeltaking, få praktiske utfordringar og ingen registrerte avvik som påverka valet. 

Administrasjonen meiner at eitt vallokale gir betre oversikt, mindre sårbar organisering og lågare ressursbruk. Samstundes blir det peika på at kommunen har færre tilsette enn tidlegare, noko som gjer det viktig å ha ein robust modell for framtidige val. Formannskapet tek sikte på å halde fram med ein valkrins, men ville sende ut saka på avgrensa høyring før eit vedtak i kommunestyret. Målet er å få eit endeleg vedtak i kommunestyret tidsnok til at kommunedirektøren kan ta omsyn til det i budsjettprosessen. Derfor får næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet saka til uttale

Sei di meining i høyringa her.

 

Husleige i nye omsorgsbustader på Pålhaugane

Levekårsutvalet skal ta stilling til husleige og felleskostnader for dei 21 nye omsorgsbustadene på Pålhaugane. Bustadene er bygde for personar som får tenester frå bu- og habiliteringstenesta.

Kommunedirektøren legg fram tre alternative husleigenivå. Det lågaste alternativet gir størst kommunal subsidiering, medan det høgaste alternativet i større grad dekkjer investeringskostnadene ved prosjektet. Tilrådinga er ei mellomløysing med husleige på 14 500 kroner per månad og felleskostnader på 1 300 kroner per månad. Etter administrasjonen si vurdering gir dette den beste balansen mellom eit sosialt bustadtilbod og ei berekraftig eigedomsforvaltning. Formannskapet og kommunestyret skal ta den endelege avgjerda. 

 

Kulturprisen Hareidsprisen 2026

Levekårsutvalet skal også avgjere kven som får kulturprisen Hareidsprisen 2026. Kommunen har fått inn fem forslag til kandidatar etter open nominasjon. 

Kulturprisen blir delt ut til personar, grupper, lag eller organisasjonar frå Hareid som gjennom året eller over tid har gjort ein særleg innsats innan kulturlivet. Saka er unnateken offentlegheit fordi vinnaren ikkje skal vere kjend før utdelinga. Levekårsutvalet gjer endeleg vedtak. 

Fristen for å nominere til Kulturpris ung er set til 15. november.

 

Tilskot til private barnehagar

Levekårsutvalet skal handsame forslag til ny lokal forskrift for berekning av grunntilskot til private barnehagar i 2027. Bakgrunnen er endringar i nasjonalt regelverk som gjer at kommunane må fastsetje eigne satsar gjennom forskrift. 

Forslaget byggjer på kommunen sine rekneskapstal og ein nasjonal berekningsmodell som er utvikla av KS og Private Barnehagers Landsforbund. Det kom ingen høyringsinnspel til forskrifta. Kommunedirektøren tilrår at forskrifta blir vedteken slik ho ligg føre. Kommunestyret gjer endeleg vedtak. 

 

Klage på reguleringsplan for Syverplassen barnehage

Næring- og miljøutvalet skal behandle ei klage på reguleringsplanen for Syverplassen barnehage. Klagaren meiner mellom anna at delar av eigedomen blir påverka av planlagt fortau og vegareal, og har reist spørsmål om støy, arealtap og mogleg erstatning. 

Kommunedirektøren meiner klaga skal behandlast fordi klagaren har rettsleg interesse i saka, men tilrår at reguleringsvedtaket blir ståande. Etter administrasjonen si vurdering inneheld ikkje klaga nye opplysningar som gir grunnlag for å endre planen. Saka skal vidare til formannskapet. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg klagebehandling.

 

Oppmålingsgebyr for Torkelgarden

Politikarane skal ta stilling til ein søknad frå Torkelgarden om fritak frå oppmålingsgebyr i samband med frådeling av eigedom. Føremålet er å vidareutvikle eit levande opplevingsmuseum og ta vare på kulturhistoriske bygningar. 

Administrasjonen peikar på at oppmålingsverksemda er finansiert etter sjølvkostprinsippet og at eit fritak kan skape presedens for liknande saker. Kommunedirektøren tilrår derfor å avslå søknaden. Saka skal vidare til formannskapet og kommunestyret, som gjer endeleg vedtak. 

 

Namn på ny veg i Pålhaugen

I samband med utbygginga av Pålhaugen 3 skal kommunestyret ta stilling til namn på ein ny kommunal veg. Namneutvalet har tilrådd namnet «Pålhaugstubben», og verken høyringsrunden eller Språkrådet si vurdering har gitt grunnlag for endringar. 

Administrasjonen meiner namnet er godt forankra i lokal namnetradisjon og passar inn i eksisterande namnestruktur i området. Saka skal vidare til formannskapet og kommunestyret, som gjer endeleg vedtak om namnet.