Lions gav påskeblomar til sjukeheimen

Påskehøgtida er like rundt hjørnet og på sjukeheimen hadde vi lyst til å friske opp litt, til glede for dei som bur her, kjem på besøk og dei tilsette.

Eva Lillebø Jensen Aasen og Irene Lovise Johansen frå Lions kom med blomster til Hadartun, Sissel Anita Riise tok imot på vegner av kommunen. Hareid kommune

I år måtte vi vere litt kreative for å få til dette. Vi tok derfor kontaktt med Lions og spurte om dei hadde høve til å sponse oss med gule blomster til påske.

Dei var veldig glade for at vi tok kontakt og sa ja med ein gong!

Veka før påske kom det to kjekke damer i fine Lions-jakker og med hendene fulle av blomster; Eva Lillebø Jensen Aasen og Irene Lovise Johansen.

Tusen takk til Lions som alltid stiller opp og bidreg!