Pexels.com
Heile 21 skriftlege høyringssvar kom inn under høyringa av dei nye SFO-forskriftene. Det er desse forskriftene som legg grunnlaget for opningstider på kvardagar og i ferie. Dei er også førande for prisane for SFO – sjølv om dette er ei eiga sak.
LES OGSÅ: Her kan du lese heile saksframlegget og framlegg til vedtekter
Opningstid
Brorparten av innspela var kritiske til den sterkt reduserte opningstida som var skissert i høyringsframlegget. Mange frykta at turnus eller lang arbeidsveg ville gjere det umogleg å få kvardane til å gå rundt om SFO opna klokka 08 og stengde klokka 16. Administrasjonen har prøvd å ta omsyn til dette og har no lagt fram eit nytt forslag for dei folkevalde:
- Opningstida i skulefritidsordninga på Hareid blir frå 07.15-16.15 - skulefritidsordninga skal følgje skuleåret.
SFO i feriar
Vidare har dei sett på behov for SFO i feriane og andre dagar der skulane ikkje har ordinær undervisning. Her vel administrasjonen å stø seg på «det store fleirtalet av høyringssvara, som anten ikkje kommenterer, er positive til eller vurderer dette som eit framlegg til innsparing som er akseptabelt».
- Hareid kommune har ikkje skulefritidsordning i feriane, elevfrie dagar eller andre dagar der skulen ikkje har ordinær undervisning.
SFO-prisar
Når det gjeld prisar er det no gratis 12-timars-plass for 1.-3. trinn. Denne «halvdagsplassen» kan berre nyttast etter skuletid. For 24-timars-plassen, er forslaget at det skal koste 1800 kroner. Dei som har denne plassen, kan også nytte SFO før skulestart.
Fjerdeklassingar som har behov for SFO må betale 2700 for halv plass og 3600 for heil plass, ifølgje administrasjonen sitt framlegg.
Dette kostar det kommunen
Total-kostnadane for heile «SFO-pakken» er om lag ein million ekstra, samanlikna med budsjettet. Etter ei samråding i sektoren og i kommuneleiinga, er det administrasjonen si vurdering at det er rom for å løyse dette med ei omfordeling i sektoren.
Vegen vidare
No er det opp til dei folkevalde å avgjere saka. Fyrste stasjon ut er levekårsutvalet som skal handsame saka 29. januar. Vidare skal saka i formannskapet 3. februar før kommunestyret avgjer saka endeleg i sitt møte 13. februar.
I framlegget til administrasjonen er det også lagt opp til ei evaluering av SFO-forskrifta til hausten.