Markering av Frivilligåret 2022

Laurdag 26. november ynskjer Hareid kommune å markere Frivilligåret 2022, i samband med marknaden i julegata.

Gate med julebelysning og logo for Frivilligåret 2022. - Klikk for stort bilete Hareid kommune
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Alle er invitert, og vi ynskjer særleg dei som er med på frivillig arbeid i kommunen velkomne!

Frivilligheita er på mange måtar limet som held samfunnet saman. Hareid kommune har eit sterkt og mangfaldig frivillig «arbeidslag» som bidreg til å skape trivsel, bulyst og samhald.  Vi ynskjer med denne markeringa å feire frivillige lag, organisasjonar og alt det viktige dugnadsarbeidet som vert lagt ned her på Hareid.

Frå kl. 13.30 deltek vi i programmet frå scena med tale ved ordførar Bernt Brandal, appell frå ein sambygding og tildeling av Frivilligprisen 2022.

Vi serverer kaffi og kaker, gløgg og pepperkaker!

Håper å sjå deg der! :)