Millionar til nyskapande Hareid-prosjekt

Målet er å gjere Hareid til eit nasjonalt senter for testing av sjølvgåande fartøy.

Idar Flø, leiar i Hareid Næringsforum, og Bernt Brandal, ordførar i Hareid, har ambisjonar om å gjere Hareid til eit nasjonalt testsenter for sjølvgåande fartøy. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

- Det vil gi ringverkningar til heile kommunen, ikkje berre dei som leverer utstyr og tenester til skipa. Det vil bli etterspurnad etter både varer og tenester når vi skal gi service til dei som kjem hit for å teste båtane og konsepta sine. Utviklinga vil skje i og rundt basen som er det nasjonale senteret på Raffelneset, seier Bernt Brandal, ordførar i Hareid.

Få nyheiter frå Hareid kommune rett i innboksen. Meld deg på nyheitsbrev her.

Idar Flø, leiar i Hareid Næringsforum og primus motor for prosjektet, bruker også store ord om kva positive følgjer prosjektet kan få for Hareid kommune og Sunnmøre.

- Målet er å gjere Storfjorden om til eit fullskala testområde for sjølvgåande fartøy. Testsenteret skal ligge på Hareid og i sjøkanten på Raffelneset, seier han og peiker utover hamna og industriområdet på Hareid.

Det er lokale verksemder som har gått saman om prosjektet, mellom anna Hareid Group, Ulmatec og Dimo. Prosjektet, som blei tildelt 7,37 millionar, var eitt av 16 «nyskapingsprosjekt» frå Møre og Romsdal som slapp gjennom nålauge til Forskningsrådet.

Prosjektet er i utgangspunktet retta mot fergetrafikk, men teknologien ein ønsker å utvikle kan også nyttast til anna transport. I søknaden til Forskningsrådet viser dei til at det er eit stort ønske om å flytte meir gods frå veg til sjø og bane.

Bruk av havrommet er eit av satsingsområda til Vekst i Hareid. Akkurat no har vi ledig stilling som prosjektleiar. Søknadsfristen er 8. januar. Les meir om stillinga og søk her.