Minneord Olav Fure 1928-2023

Tidlegare ordførar i Hareid kommune, Olav Fure, døyde torsdag 9. mars 94 år gamal. 

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.
Offisielt portrett av Olav Fure - Klikk for stort bilete Hareid kommune

Han vert gravlagd frå Hareid kyrkje tysdag 21. mars.

Olav Fure var Ordførar i Hareid i seks år frå 1984 til 1987 og frå 1990 til 1991, han var varaordførar frå 1992 til 1993 og hadde i tillegg to periodar i kommunestyret – totalt 16 år med politisk arbeid for Hareid.

Olav Fure er nok mest kjend som pådrivar for Hafast – han var svært engasjert og arbeidde direkte og indirekte med Hafast i nærare 40 år. Han var også pådrivar for mange lokale saker, mellom anna for etableringa av industriområdet på Rafelneset og han var styremedlem i Eiksundsambandet frå 1984 til 1990.

Hareid sitt ordførarkjede var gjort ferdig i 1986 og Olav Fure var den første som nytta det. Dette var i samband med kong Olav V sitt besøk og avduking av nasjonalmonumentet på Hjørungavåg.

Olav Fure var aktiv i kyrkjeleg og kulturelt arbeid og han var ein habil pianist og organist og vart mykje nytta både i kyrkja og i kulturelle samanhengar i lag og tilstellingar i kommunen.

Han var også aktiv i Hareid og Ulstein Y’s Men og var president der i ei årrekkje. Han vert omtalt som  ein utprega humorist og møtte kjenningar og kollegaer med ein humoristisk og kvikk replikk.

Fure vert positivt omtala og skildra som ein triveleg og engasjert ordførar, innbyggar og nabo.

Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune