Møre og Romsdal fylkeskommune har delt ut sin frivilligpris 2022

Kandidatane var nominert av kommunane, og alle nominerte vart invitert til Fylkeskulturkonferansen i Molde. Sjå bilete frå prisutdelinga der Arild Grimstad var Hareid sin kandidat!

Scene og skjerm som viser 21 kandidater til utdeling av pris. - Klikk for stort bilete21 kandidatar frå heile Møre og Romsdal fylke var nominert til Frivilligprisen 2022. Hege Holstad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Etter ein flott inspirasjonskonferanse tidlegare på dag, var det klart for middag og utdeling av Frivilligprisen 2022. Prisen består av eit kunstverk og 30.000,- kroner og er ein del av fylkeskommunen sitt arbeid for å stimulere til mangfald, inkludering og ein nyskapande frivillig sektor.

Det var stor spenning i salen generelt - og ved Hareid kommune sitt bord spesielt - før juryen endeleg kunne kunngjere kven av dei 21 kandidatane som var kåra til vinnar. Her var det nemleg klart at alle dei 21 var soleklare prisvinnarar – og det må ha vore sers vanskeleg å kåre berre 1 vinnar mellom kandidatane, som alle på ulike vis har merka seg ut og gjort eit stort arbeid for frivilligheita i sitt lokalsamfunn over lengre tid.

Vinnaren av Møre og Romsdal fylke sin frivilligpris 2022 vart Bjørg Bergem frå Averøy kommune. Vi gratulerer ein flott prisvinnar og takkar fylkeskommunen for ein flott inspirasjonskonferanse og festkveld med frivilligheit i fokus!

Les juryens omtale av vinnaren

Her er alle 21 kandidatane og kommunane sine omtalar av dei nominerte.

Sjå fleire bilete under.