Når skilsmisseoppgjeret ditt med Facebook går Noreg rundt - dette må du gjere no

Nyheita om at Hareid kommune trappar ned på Facebook-aktivitetane sine gjekk viralt og førte til oppslag både hos lokalmedia og riksmedia.

Fredag 2. oktober la Hareid kommune ut ein post på Facebook som starta slik: 

«Sorry, Facebook. No er det slutt – og denne gongen er det ikkje meg – det er deg.»

Posten er sett over 250.000 gonger på Facebook og har fått over 2600 positive reaksjonar. Det er tydeleg at dette engasjerer. Media har også snappa opp saka og både Vikebladet, Sunnmørsposten, NRK og TV 2 har skrive sak.

Posten handlar om at Facebook har gjort det vanskelegare og vanskelegare å dele lenker til nettsidene til kommunen. Facebook har nemleg som mål å halde brukarane for seg sjølv, og ikkje sende dei vidare til andre nettstader. Konklusjonen vår er då at vi vil redusere aktiviteten på Facebook kraftig.

 

Må betale

Du ha kanskje lagt merke til at omtrent alle profesjonelle som driv med Facebook starta for ei tid tilbake å leggje ut bilete med ein tittel på og så tekst «les meir i lenka i kommentarfeltet»? Dette var eit svar på at Facebook gøymde vekk postar som var reine lenkedelingar. 

No har dei stramma inn ytterlegare. Dersom ei side (som Hareid kommune sin) skal leggje ut lenker i postar eller kommentarfelta sine, må dei betale. For Hareid kommune sin del så vil tilsvarande aktivitetsnivå som vi har hatt til nå, koste oss 18000 kroner i året.

Dette vil vi ikkje betale

Skjermdump frå Facebook: Få mer ut av lenker med Meta One  Du har brukt 2 av innleggene dine med lenker denne måneden.  Med Meta One kan du fortsette å dele lenker i innlegg og kommentarar samt få andre abonnentfordeler. - Klikk for stort bileteDenne meldinga får Hareid kommune opp når vi deler lenker på Facebook no. Skjermdump Facebook

Vi vil heller ikkje gjere det Facebook helst vil at vi gjer: leggje heile teksten og alle bileta ut på Facebook. Hadde vi gjort det, ville vi «gått rett i fella» til Facebook, og halde fram med å halde brukarane «fanga» på ein plattform som ikkje er bra. 

Dette betyr det for deg som følgjar Hareid kommune på Facebook:

Vi slettar ikkje sida, men du vil sjå mykje mindre frå Hareid kommune i feeden din. Dette skuldast både at vi kjem til å leggje ut mindre, men også at Facebook ikkje vil vise deg det vi legg ut sidan vi ikkje vil betale dei.

Dette vil vi framleis bruke Facebook til:

  • Dele informasjon om dei andre informasjonskanalane våre
  • Dele informasjon som er tidskritisk og viktig at flest mogleg får med seg
  • Sende dei folkevalde møta våre (her jobbar vi med å finne alternativ)
  • Leggje ut arrangement slik at dei kjem med i aktivitet- og kulturkalenderen Det skjer i Hareid

 

Kvar skal du då få informasjon får kommunen din?

Nettsida vår er staden der du får alt. Det er slått tydeleg fast i kommunikasjonsstrategien vår at nettsida er navet i all kommunikasjon med innbyggarane våre. Her legg vi ut alle nyheiter, og her skal vi informere om tenestene våre, tilboda vår, rettane dine, høyringar, folkevalde møte og alt anna som gjeld deg som innbyggar og forholdet med kommunen. 

Utfordringa vår – og for deg som innbyggar – er at det er svært få som tenker at «ja, no skal eg sjå om det er nytt frå Hareid kommune» og så går inn på nettsida.

Vi treng alle å få påminningar om at det er nyheiter der. 

 

Våre kanalar til deg

Facebook har lenge våre den viktigaste «påminnaren», men nyheitsbrevet har no tatt over denne rolla. Nesten 1100 personar abonnerer – og du kan gjere det same ved å klikke her. Då får du e-post frå oss 3-4 gongar i månaden med alle nyheiter.

Vil du sjekke nyheitene våre sjølv på ein enkel måte – kan du leggje til aktuelt-sida som snarveg i nettlesar eller på heimskjermen på telefonen din. Då er det enkelt å finne fram til siste nytt frå kommunen din.

Ønsker du å få påminningar så fort noko blir publisert? Då anbefaler vi RSS-feeden vår. Dette er ei lenke til ein nyheitsstrøm som du kan leggje inn i ein RSS-lesar. Desse appane varslar deg då kvar gong vi legg ut nyheiter. Her er det mange løysingar og appar, alt etter om du er på PC, telefon og kva operativsystem du brukar.

Vi held også på å sjå på andre moglegheiter som kan gjere det enklare for deg som innbyggar å få informasjon frå kommunen. 

 

Til slutt litt om Hudd

Etter at posten vår gjekk viralt, har mange tatt til orde for at Hareid kommune skal bli med på det norske, sosiale mediet Hudd. Hudd promoterer seg sjølv som eit sosialt medium utan algoritmar og berre ekte personar. Hareid kommune har følgt med på Hudd sidan oppstarten. Haldninga vår har heile tida vore at Hudd må få fleire aktive brukarar før vi kan engasjerer oss der. Vi har avgrensa kommunikasjonsressursar, så vi kan ikkje satse på ein kanal før vi veit vi får noko tilbake (lesarar).

No har Hudd halde på i snart to år og dei har ikkje lukkast. Medlemsveksten har falt kraftig og aktivitetsnivået til dei som er registrerte er svært låg. Selskapet melder sjølv at dei har store finansielle problem og dersom dei ikkje får tak i ytterlegare finansiering, er avvikling sannsynleg.

Hareid kommune si haldning til Hudd står derfor fast.