No kan du køyre herifrå og rett opp til Plassane, utan omvegen via Soffibakken og Plassane.
Tone-Lise Osnes
Den nye vegen gjer kvardagen enklare og tryggare for mange. Mindre trafikk forbi Syverplassen barnehage gir betre trafikktryggleik på Plassane.
Vegen gir òg kortare veg og lettare tilkomst til det nye bustadfeltet på Plassane og resten av den sørlege delen av området.
Vegen vart først bygd som ein mellombels anleggsveg i samband med arbeidet med bustadfeltet. For trygg gjennomføring og ferdigstilling av VA prosjektet i Vadbakken har kommunen arbeida for å igjen kunne opne vegen. No har fylket godkjent avkøyrsla til fylkesvegen, og reguleringsplanen er vedteken. Som ein del av arbeidet er mellom anna siktsonene mot hovudvegen forbetra.
Den nye vegen er ei fortsetting av Melshornvegen, som no strekk seg frå Myrane, opp nesten øvst på indre Hareid, så gjennom det nye bustadfeltet Plassane, før han ender opp i hovudvegen mot Hjørungavåg.
kartutsnitt
Tone-Lise Osnes