No får du nytt TT-kort

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått ny leverandør av TT-teneste og -kort. Dei nye korta blir sendt ut i desse dagar.

Erlend Friestad  

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Dei nye korta gjeld frå 1. august. Saldo frå dei gamle korta blir overført til dei nye. Dei gamle korta vil då bli sperra.

Det blir opna for nyregistrering/handsaming av TT-søknadar frå veke 32.

Dersom du har nedsett funksjonsevne og ikkje kan nytte deg av offentleg transport eller eigen bil for å kome deg på fritidsreiser, kan du søkje om å få transporttenesta, også kalla drosjelappar.

Søkjarar som sit i rullestol eller er blinde får alltid tenesta.

Les meir om TT-tenesta her.