Erlend Friestad
For å melde interesse nyttar du skjemaet som ligg her. Når skjemaet er sendt inn, får du ei stadfesting og kjøpekontrakt i retur. Frå kjøpekontrakt er mottatt, har du tre månader på å ta den endelege avgjerda. Endeleg aksept av tomt er først gjeldande når kjøpekontrakten er signert.
Usikker på kva som er rett tomt for deg? Sjå oversikt over alle tomtene her.
Har du spørsmål, kontakt leiar for næringsavdelinga Johannes Alme.
Ønsker du ein spesiell tomt i Plassane bustadfelt, løner det seg dermed å handle raskt.
Les meir om feltet på hareid.kommune.no/plassane
LES OGSÅ: Hareid er bygda med fem minutt til alt
Kvifor velje Plassane?
- Sentralt og familievennleg: Fem leikeplassar med mellom anna ballbinge og gapahuk med utsikt gjer området perfekt for både små og store.
- Kort avstand til alt: Hareid er #5minuttsbygda – her sparer du tid kvar dag. Tid frå dør til jobb eller skule kan vere så lite som fem minutt!
- Moderne bustadfelt: 37 einebustadtomtar og tre område for konsentrerte bustadar. Perfekt for både sjølvbyggarar og utbyggarar.
LES OGSÅ: Leiter du etter jobb?
Slik går du fram
- Finn tomta di: Klikk her for oversikt over pris og areal.
- Send søknad via «skjema – søknad om tildeling av tomt»
- Aksepter tilbodet: Har du fått tildelt tomt, må du signere kjøpekontrakt innan tre månader.
LES OGSÅ: Har du barn i barnehagealder?
Pris og vilkår
- Tomtene seljast til fastpris per kvadratmeter basert på sjølvkost.
- I tillegg kjem oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift og tilknytingsavgifter.
- Bygging kan starte når tomta er skøyta over til deg.
- Dersom du ikkje har sendt komplett byggesøknad innan to år, kan kommunen kjøpe tomta tilbake til same pris.