Hareid kyrkje er ein del av kulturmiljøplanen. Ho blei innvigd i 1877 og fyller derfor 150 år i 2027
Erlend Friestad
Kulturmiljøplanen blei sist oppdatert og vedteken av kommunestyret 17. september. Han er ein revisjon av kulturminneplanen frå 2016 og har fått namnet Kulturmiljøplan for Hareid 2026–2030.
Kva er eit kulturmiljø?
Kulturminne er spor etter menneska som levde før oss, og etter livet og arbeidet deira. Eit kulturmiljø er eit område der fleire slike spor inngår i ein større samanheng. Det kan vere bygningar, vegar og landskap, men også tradisjonar, song, kunst og forteljingar.
Kulturminne og kulturmiljø kan ikkje erstattast når dei først er borte. Dei gir oss kunnskap om kvar vi kjem frå, og om kva som har forma Hareid til kommunen vi kjenner i dag.
Eit praktisk verktøy for kommunen
Planen gir kommunen betre oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø. Det gjer det lettare å ta kunnskapsbaserte og føreseielege avgjerder når kommunen planlegg nye tiltak eller behandlar saker som kan påverke kulturmiljø.
Det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget kan mellom anna gjere det enklare å sjå utvikling og vern i samanheng. Planen peikar ut kva kommunen bør vere særleg merksam på, men skal også bidra til at kulturmiljø blir ein ressurs i den vidare utviklinga av Hareid.
Ein felles arv
Kulturmiljøplanen skal bidra til at eit representativt utval av kulturminna og kulturmiljøa våre blir tekne vare på. Slik kan historia førast vidare både til dei som bur i Hareid i dag, og til kommande generasjonar.
Planen byggjer på bidrag frå fagmiljø, kommuneadministrasjonen, politiske utval og innbyggarar som har kome med innspel. Dette engasjementet er viktig når kulturarven i Hareid skal forvaltast i fellesskap.
Her kan du lese heile kulturmiljøplanen.