Kvifor ein parkeringsplan?
Parkeringa rundt sjukeheimen og Hadartun er avgrensa, og det har ofte vore trongt nær inngangane. Når alle parkerer der det er ledig, er det ikkje alltid dei som treng plassane mest, som får dei. Planen byggjer på tre omsyn:
Naudetatane skal alltid kome fram. Ambulanse, brannvesen og politi må kunne køyre heilt fram til bygga utan hindringar. Feilparkerte bilar i tilkomstvegar og snuplassar kan i verste fall koste dyrebare minutt. Hald difor tilkomstvegane frie – også for ein kort stopp.
Besøkande med avgrensa helse skal kome nærast. Mange av dei som besøkjer bebuarane våre, er sjølve eldre eller har redusert helse og gangfunksjon. For dei kan nokre ekstra meter vere skilnaden på om besøket blir gjennomført eller ikkje. Difor er plassane nærast inngangane sette av til besøkande.
Dei som er avhengige av bil i tenesta, skal finne plass. Tilsette som køyrer til heimebesøk eller møte i løpet av dagen, er ute og inne fleire gonger. Når dei slepp å leite etter parkering, går meir av tida til brukarane.
Slik er områda fordelte
Raudt – besøkande: Gjesteparkering for besøkande til sjukeheimen og Hadartun.
Oransje – bil i tenesta: For tilsette som brukar bilen i arbeidet, altså dei som skal på heimebesøk eller møte i løpet av arbeidsdagen.
Grønt – andre tilsette: For tilsette som ikkje er avhengige av bil i arbeidet.
Blått – Hjellebakken: Dette området er reservert tilsette ved Hjellebakken fram til flyttinga til Pålhaugen
Sykkelparkering: Tilsette som syklar til jobb, kan parkere sykkelen under tak i enden av carporten.
Raud: besøkande / Oransj: tilsette som brukar bilen i arbeidsdagen / Grøn: alle tilsette / Blå: reservert Hjellebakken /Gul sirkel: sykkelparkering under tak
kartutsnitt
Kva betyr dette for deg?
Sjå på kartet og finn ut kvar du høyrer til. Treng du ikkje bil i arbeidet, ber vi deg parkere på dei grøne områda, sjølv om det er ledig nærare inngangen. Nokre ekstra meter for oss gjer stor skilnad for besøkande og kollegaer i ambulerande tenester. Og har du høve til det: Sykkelen står tørt i enden av carporten.
Takk for at du bidreg til ein tryggare og meir framkomeleg arbeidsplass. Har du spørsmål om planen, ta kontakt med næraste leiar.
Ottar Røyset
Kommunalsjef, sektor for velferd