Nytilsett: Elevane si faglege og sosiale utvikling er drivkraft

Lars Johansen (39) skulle berre bu eitt år på Sunnmøre – no blir han ny skulefagleg ansvarleg i Hareid kommune.

Portrett av Lars Johansen. - Klikk for stort bilete Privat

- Eg gler meg kjempemasse til å bli kjend med elevar, lærarar og skuleleiarar, seier Lars Johansen.

Han var éin av sju søkarar på jobben som skulefagleg ansvarleg i Hareid kommune. No har han fått tilbod om – og takka ja til jobben. Lars kjem frå jobben som rektor på Langevåg skule i Sula kommune. Han har tidlegare vore rektor Aure skule i Sykkylven og assisterande rektor ved Birkeland skule i Birkenes kommune på Sørlandet. I tillegg har han lang erfaring frå idretten, både som tilsett og som frivillig.

- Drivkrafta mi som rektor er å legge til rette for den faglege og sosiale utviklinga til elevane, fortel Lars som skildrar seg sjølv som ein synleg og tydeleg rektor med glimt i auga og med omsorg for elevar og tilsette.

 

Utvikle

Han har lenge hatt eit ønske om å jobbe med å utvikle skuleleiarar og arbeide med skule på eit overordna nivå. Parallelt med rektorjobbane tok han ein mastergrad i utdanningsleiing ved Universitetet i Oslo. I mastergraden såg han på korleis skuleeigar best kan utnytte og løfte kompetansen til skuleleiarane gjennom leiarmøte.

- Erfaringa mi som lærar og skuleleiar i mange år, i tillegg til utdanninga mi, gjer at denne jobben passar veldig godt. Eg kjenner sjølv at eg har mykje å bidra med, seier han.

 

Blei verande

Lars er opphaveleg frå Arendal. Planen var å ta eitt år på Sunnmøre, men no har han blitt verande i 10 år.

- Det er totalpakken som har gjort at eg blei verande. Eg elskar å vere aktiv og trivst med nærleiken til naturen og folka rundt meg. Eg er veldig glad i idrett og har engasjert meg i handballen lokalt i mange år, både som tilsett og frivillig, seier Lars som er gift med Lena og har to bonusbarn.

 

Ny funksjon

Stillinga som skulefagleg ansvarleg er ei ny funksjon i Hareid kommune. Han erstattar den gamle skulerådgivarstillinga.

- Vi er kjempeglade for å ha fått Lars med på laget. Eg har stor tru på at han med bakgrunn i kven han er, og kva han kan, vil bidra godt inn i organisasjonen, seier kommunedirektør Ragnhild Velsvik Berge.

Vi ønsker Lars velkomen til Hareid kommune!