Økonomi og ungdomsskule står igjen på saklista til kommunestyret

I denne saka får du ei oversikt over saklista til kommunestyret 21. mars 2024.

 

Møtet startar klokka 18, 21. mars. Det er (som alltid) ope for publikum. Dersom du ikkje har høve til å møte opp i kommunestyresalen, kan du sjå møtet direkte (og i opptak) her på denne sida eller på Facebook.

Under følgjer eit samandrag av dei viktigaste sakene.

 

Statsforvaltaren orienterer om tryggleik

I starten av møtet kjem statsforvaltar Else-May Botten som skal orientere om sikkerheit og beredskap. Statsforvaltaren har eit overordna ansvar for å koordinere beredskapen i kommunane, mellom anna vere ein pådrivar for øvingar og sjå til at  vi i samfunnsplanlegginga tek beredskapsomsyn, og at kommunane har eigne kriseplanar.

 

Runde Miljøsenter vil orientere

Så vil kommunestyret få ei orientering frå Runde miljøsenter. Hareid kommune er medeigar i senteret, saman med naboane våre på søre Sunnmøre. I orienteringa vil dagleg leiar, Ottar Håkonsholm, informere dei folkevalde i kommunestyret om kva senteret er og kva det kan tilby Hareid kommune.

 

Kommuneøkonomi

Som i førre formannskapsmøte vil kommuneøkonomien vere eit sentralt tema. Konstituert kommunedirektør Bent Arild Grytten vil orientere kommunestyret om den siste utviklinga og kva som ligg føre.

 

Ungdomsskulen

Ungdomsskulen – og kva vi skal gjere om den, blei også handsama i formannskapet. No skal kommunestyret bestemme kva alternativ administrasjonen skal jobbe vidare med.

Dagens ungdomsskule krav til helse, miljø og pedagogikk. Prosessen med å finne ut korleis ein framtidig ungdomsskule skal vere er derfor starta. Administrasjonen har presentert fire ulike for vegen vidare:

  • 0.  Rehabilitere eksisterande bygg og leike utanfor skulen
  • 1.  Bygge på skulen med nytt bygg ved sidan av
  • 2.  Bygge på skulen med ny etasje
  • 3.  Bygge heilt ny ungdomsskule

I alle alternativa der det blir lagt opp til å behalde eksisterande skulebygg (alt. 0,1 og 2), har vi lagt til grunn at det berre er fundamenta, beresystemet og det berande korrugerte stålplatetaket som vert å behalde. Ved alternativ 3, blir heile den eksisterande bygningsmassen fjerna.

Administrasjonen tilrår at dei folkevalde går for å greie ut dei to alternativa som skil seg mest: Rehabilitering eller nybygg.

Driftsmessig ser dei klare ulemper eller utfordringar med alternativ rehabilitering, men sidan det er meir investeringsmessig økonomisk gunstig enn dei andre alternativa, så bør vi greie ut dette alternativet vidare. Dersom vi i tillegg skal greie ut eitt av dei andre alternativa, så råd administrasjonen til at dette vert alternativ 3, nybygg. Det vil ha såpass mange fordelar med seg at sjølv om det har ein litt høgare investeringskostnad enn nybygg og tilbygg, så utgjer det så lite forskjell på livsløpskostnaden per år at nybygg verkar som ei gunstigare løysing.

 

Lokalisering

I prosessen har administrasjonen også drøfta lokaliseringa av dagens ungdomsskule. Lokaliseringa er sett på som svært gunstig. Ungdomsskulen ligg rimeleg sentralt i Hareid sentrum og i beinveges nærleik til andre funksjonar som ungdomane nyttar mykje, som Hareidhallen, banene og kulturskulen. Soltilhøva er gode og infrastrukturen rundt er gunstig. Alternativet med å bygge ny ungdomsskule ein annan stad er difor ikkje vurdert. For alternativet med nybygg er det forutsett at  eksisterande skule bli riven og ny skule bygd oppatt same stad.

I saka blir også alternativ for svømmehallen vurdert.

Formannskapet rår kommunestyret til å gå vidare med alternativ 0 og alternativ 3 – i tillegg eit alternativ 3 med plassering bak turnhallen.

 

I tillegg skal følgande saker opp:

  • Vidare konstituering av Bent Arild Grytten som kommunedirektør
  • Nytt kjøkenutstyr til kjøkenet på sjukeheimen
  • Medlemmar til delegeringsutval
  • Veteranplan
  • Val av styremedlemmar i Tussa Kraft AS
  • Endring av selskapsform og samarbeidsavtale til Søre Sunnmøre kommunerevisjon

 

Her er lenke til heile saklista og alle sakspapira (blir fortløpande oppdatert).