Formannskapet skal både ta stilling til leigeprisane her og kva vegen som går her skal heite.
Erlend Friestad
Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå sendinga av møtet direkte eller i opptak, her på nettsida.
Her kan du lese alle sakspapira.
Valdagen i kommune- og fylkestingsvalet 2027
Den offisielle valdagen for kommune- og fylkestingsvalet i 2027 er måndag 13. september. Kommunestyret kan bestemme at det også skal haldast val søndagen før. Hareid kommune har ikkje hatt søndagsval tidlegare.
Administrasjonen viser til at veljarane nyttar førehandsrøystinga godt, og at det ikkje har vore utfordringar med kapasiteten på sjølve valdagen, heller ikkje då kommunen hadde éin valkrins i 2025. Val over to dagar vil også gi ekstra kostnader. Kommunedirektøren tilrår derfor at det berre blir halde valting måndag 13. september.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Husleige i nye omsorgsbustader på Pålhaugane
Formannskapet skal ta stilling til husleige og felleskostnader for dei 21 nye omsorgsbustadene på Pålhaugane. Bustadene er bygde for personar som får tenester frå bu- og habiliteringstenesta.
Kommunedirektøren la fram tre alternative husleigenivå og vurderte at mellomløysing med husleige på 14 500 kroner per månad og felleskostnader på 1 300 kroner per månad ville gi den beste balansen mellom kommunen sitt bustadsosiale ansvar og omsynet til berekraftig eigedomsforvaltning.. Levekårsutvalet gjekk samrøystes inn for alternativet med sterkast sosial profil, med ei husleige på 13 000 kroner per månad.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Namn på ny veg i Pålhaugen
I samband med utbygginga av Pålhaugen skal politikarane ta stilling til namn på ein ny kommunal veg. Namneutvalet har tilrådd namnet «Pålhaugstubben», og verken høyringsrunden eller Språkrådet si vurdering har gitt grunnlag for endringar.
Administrasjonen meiner namnet er godt forankra i lokal namnetradisjon og passar inn i namnestrukturen i området. Næring- og miljøutvalet slutta seg samrøystes til kommunedirektøren si tilråding.
Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Klage på reguleringsplan for Syverplassen barnehage
Formannskapet skal behandle ei klage på reguleringsplanen for Syverplassen barnehage. Klagaren meiner mellom anna at delar av eigedomen blir påverka av planlagt fortau og vegareal, og har reist spørsmål om støy, arealtap og mogleg erstatning.
Kommunedirektøren meiner klaga skal behandlast fordi klagaren har rettsleg interesse i saka, men tilrår at reguleringsvedtaket blir ståande. Etter administrasjonen si vurdering inneheld ikkje klaga nye opplysningar som gir grunnlag for å endre planen.
Næring- og miljøutvalet slutta seg samrøystes til kommunedirektøren si tilråding og innstiller dermed på at reguleringsvedtaket blir ståande. Dersom vedtaket blir oppretthalde, blir saka send vidare til Statsforvaltaren for endeleg klagebehandling.
Oppmålingsgebyr for Torkelgarden
Politikarane skal ta stilling til ein søknad frå Torkelgarden om fritak frå oppmålingsgebyr i samband med frådeling av eigedom. Føremålet er å vidareutvikle eit levande opplevingsmuseum og ta vare på kulturhistoriske bygningar.
Kommunedirektøren tilrådde å avslå søknaden. Administrasjonen peika mellom anna på at oppmålingsverksemda er finansiert etter sjølvkostprinsippet, og at eit fritak kan skape presedens for liknande saker.
Næring- og miljøutvalet kom til ein annan konklusjon og innstiller samrøystes på at Torkelgarden får fritak frå gebyret. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Mogleg tilslutning til økonomisamarbeid med nabokommunane
Formannskapet skal vurdere om Hareid kommune skal be om å få slutte seg til det interkommunale samarbeidet om økonomiforvaltning som Herøy, Sande og Ulstein har vedteke å etablere, med Ulstein som vertskommune. Målet er mellom anna å få eit større fagmiljø, redusere sårbarheita og utvikle meir robuste og effektive økonomitenester.
Bakgrunnen er mellom anna at Hareid sitt økonomikontor har fått redusert bemanning. Frå 1. januar 2027 forsvinn også økonomileiarfunksjonen når noverande økonomileiar går av med pensjon. Kommunedirektøren vurderer at eit samarbeid kan gi betre tilgang på kompetanse, mindre personavhengig drift og betre grunnlag for utvikling av økonomitenestene.
Kommunedirektøren tilrår at Hareid ber om å få slutte seg til samarbeidet, med sikte på å bli med frå 1. januar 2028. Dersom dei andre kommunane seier ja, skal ein ny avtale for samarbeidet leggjast fram til politisk handsaming innan utgangen av 2026. Kommunedirektøren skal også avklare med Ulstein korleis Hareid kan kjøpe nødvendige økonomitenester i overgangsåret 2027. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.