Open handverksbutikk når cruiseturistane kjem til Hareid

Når det første cruiseskipet legg til kai i Hareid 13. juni, held Kari Indreeide Grimstad ope vev- og skinnverkstaden sin i Kjøpmannsgata heile dagen. For henne er cruiseanløpet ei moglegheit til å vise fram lokalt handverk til ei ny kundegruppe.

Kvinne som held opp saueskinn med trykk på baksida. På veggen bak er det hyller med forskjellige vevde produkt, mellom anna bordskånarar i mange fargar. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad

Hareid kommune har vald å satse på cruise for å skape aktivitet og ringverknader i kommunen. Når rundt 1200 gjestar kjem til bygda på same dag, gir det auka merksemd og omsetnad for både små og store lokale aktørar.

Kari Indreeide Grimstad er ei av dei som trur cruisegjestane vil gi ho meir å gjere.

- Eg kjem til å ha open butikk heile dagen og då kan turistane også få sjå delar av arbeidet i verkstaden, fortel ho.

 

Skinn og garn frå eigne sauer

I verkstaden arbeider Kari både med vev og skinn. Ho utviklar både mønster og uttrykk sjølv på produkta sin. Mellom anna lagar ho sitjeunderlag og pulsvarmarar i skinn med trykk, i tillegg til handvevde bordskånarar og andre mindre handverksprodukt. Ein stor del av skinnprodukta er laga av skinn frå eigne dyr frå Gullikgarden på Grimstad her i Hareid kommune.

– Det gjer produkta veldig lokale. Eg har også strikkegarn frå eigne dyr. Elles brukar eg norske råvarer. Det er viktig for meg at dette er handverk laga lokalt og med lokale råvarer, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

Kvinne som sit med arbeidsbord og syr. På bordet ligg det halvferdige pulsvarmarar av saueskin. - Klikk for stort bilete Erlend Friestad
Derfor satsar vi på cruiseturisme
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Parkering 13. juni
Marknadsgate 13. juni - vere med?
Cruiseskip-besøk i 2027
Cruiseskip-besøk i 2028