– Vi forventar meir trafikk enn vanleg fordi mange vil sjå cruiseskipet, men sidan det er laurdag, er det god kapasitet på parkeringsplassane i sentrum, seier Steffen Urke, dagleg leiar i Hapark.
Desse parkeringsplassane kan nyttast utover 2 timar 
Laurdag 13. juni kan du stå parkert utover 2 timar på dei offentlege, gratis parkeringsplassane i sentrum. Dette gjeld:
- Hareid skule
- Taket på Coop
- Hadarhallen (i utgangspunktet ikkje tidsavgrensing her)
- Isakdalen/ baksida av Kjøpmannsgata
- Rådhusplassen
- Parkeringsplassen ved kyrkja (OBS: ikkje tillate med gateparkering)
- Bak kyrkja/gravplassen
Parkering ved butikkar – framleis for kundar
Parkeringsplassane som er knytte til butikkane i sentrum, har framleis 2‑timarsgrense. Desse plassane er for kundar, og kommunen oppmodar om at dei ikkje blir nytta av besøkande som ikkje skal handle.
– Det er viktig at kundane framleis har enkel tilgang til butikkane, også på ein travel dag, seier Urke.
Artikkelen held fram etter bilete.
Dagleg leiar i Hapark, Steffen Urke, oppmoder dei som kjem med bil 13. juni om å parkere mellom anna her i Isakdalen, bak Mjøl og Meir.
Erlend Friestad
Betalingsplassar som vanleg
Parkeringsområda som vanlegvis er mot betaling, vil framleis vere betalingsplassar. Dette gjeld Bankplassen, hurtigbåtterminalen og ferjekaia.
Derfor har vi satsa på cruiseturisme
Bakgrunnen for at vi satsar på cruiseturisme, er eit ønske om å skape meir inntekter til kommunen. Vi har nytta eksisterande fortrinn på ein kontrollert og berekraftig måte utan store investeringar. Vi nyttar eksisterande infrastruktur, kapasitet og kompetanse, og har etablert eit godt samarbeid med eigarane av kaia vi skal nytte.
Vi legg mykje vekt på lokal verdiskaping. Kvar cruisegjest legg igjen om lag 800-1200 kroner lokalt, så her har butikkar og restaurantar gode moglegheiter. I tillegg ser vi at det alt har ført til fleire nyetableringar i kommunen. Dette er tilbod som også er positive alle som bur i kommunen. Også frivillige organisasjonar og andre kan skaffe seg gode inntekter ved å setje opp buer i Kjøpmannsgata under cruisebesøka.
Dei neste åra vil det også kome strenge miljøkrav for passasjerskip som skal inn i verdsarvfjordane våre. Hareid kommune ligg strategisk til utanfor verneområda og kan derfor ta imot skip som ikkje har høve til å gå lenger inn i fjordsystemet.
Cruiseskip-besøk 13. juni 2026: MS Artania
Forventa ankomst 09.00 og avgang 17.00.
MS Artania er eit cruiseskip eigd og operert av det tyske reiseselskapet Phoenix Reisen. Skipet vart opphavleg bygd som Royal Princess for den britiske marknaden og døypt av Lady Diana. Sidan 2011 har det seilt for Phoenix Reisen.
Skipet har utelukkande utvendige kabinar, mange med eiga balkong og panoramavindauge. Om bord finn ein fleire restaurantar, barar, show-lounge, kino, spa- og velværeområde, bibliotek, butikk og treningssenter. Eit klassisk terrasse-hekk og ein rundt-om-promenadedekk gjev panoramautsikt over havet.
MS Artania er eit populært skip på fjordkryssingar og har mellom anna segla i Geirangerfjorden.
| | |
|---|
| Lengde | 231 m |
| Breidd | 29 m |
| Bruttotonnasje | 44 500 |
| Passasjerkapasitet | Inntil 1 200 |
| Passasjerdekk | 9 |
| Kabinar | 600 (alle utvendig) |
Tilbod til cruisegjestane 13. juni
Velkomstarrangement 13. juni
Sidan dette er vårt første cruiseanløp gjer vi litt ekstra stas på skipet og gjestane. På eit lukka inngjerda område i kaiområdet (pga. ISPS-reglar) vil gjestane bli tatt imot av representantar frå Hareid kommune, Hjørungavåg Brass, Corsonus og lokale vikingar.
Tilbod som blir formidla via reiarlaget sin agent 13. juni
- Besøk på Ishavsmuseet med historieforteljing
- Guida tur med Polarstar til monumentet på Overåsanden og til Kvitneset
- Besøk hos Hodr Hjørungavåg Vikingsete med historieforteljing, omvising og aktivitetar ute
- Besøk på Eliasgarden med historieforteljing og ulike aktivitetar
- Guida tur på Rotarystien
- Panoramatur med buss og guiding
- Båttur innover fjordane
Tilbod som kan bli tilbode på kaia, eller ved seinare cruiseanløp
- Guida tur til Håbakknotten
- Guida tur med arkeolog på Overå
- Besøk, konsert og historieforteljing i Hareid kyrkje
- Konsert med Corsonus
- Tur til Runde
- Besøke Hareid Sauna
- Medlemskap i Explorers Club
- Golf og fotballgolf hos Sunnmøre Golfklubb
- Lokalmat ilag med kokk på Millenium Kafé
Tilbod til mannskapet 13. juni
Lokala til Hareid ungdomsklubb vil bli nytta av mannskapet. Her kan dei slappe av, vere på nett og elles nytte biljard, bordtennis og ulike spel. Det vil også bli vist bilete frå Hareid på storskjermen. Saunaen vil også vere reservert til mannskapet. Viss vêret tillet det vil vi tilby ein guida fjelletur.
Parkering 13. juni
Det vil vere mogleg å stå lenger enn to timar gratis på følgande oppmerka parkeringsplassar i Hareid sentrum:
- Rådhusplassen – også der det er merka med tilsettparkering
- Kyrkja, både ved porten og på bortsida av kyrkjegarden
- I Isakdalen, bak Kjøpmannsgata
- På Coop-taket
- På Hareid barneskule
- Nedsida av sjukeheimen
Det er også god plass ved Hareid skule og Hadarhallen.
Parkeringsplassane der det er betaling i dag, vil ikkje vere gratis.
Fritaket for maks to timar gjeld ikkje på parkeringsplassane utanfor butikkane
Du kan lese meir om kvifor vi forlenger parkeringsperioden her her.
Kart over parkeringsplassar der 2-timarsregelen ikkje gjeld 13. juni

Cruiseskip-besøk i 2027
Vi har per no fem planlagde besøk i 2027. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Cruiseskip-besøk i 2028
Den første bestillinga for 2028 har allereie kome. Dato og skip blir lansert på eit seinare tidspunkt.
Les meir om cruise-satsinga