Pass godt på vassleidninga no når det går mot kaldare vêr
Når gradestokken kryp nedover, aukar risikoen for frosne og sprukne vassleidningar – eit problem som kan føre til store vasskadar, dyre reparasjonar og i verste fall bortfall av vatn i lengre periodar.
pexels.com
Særleg utsette er eldre bustadar, fritidsbustadar, kjellarar og rom med dårleg eller manglande oppvarming.
Hareid kommune er ansvarleg for hovudleidningsnettet, men abonnentar er sjølv ansvarleg for sine private stikkleidningar.
Ved mistanke om frosne røyr bør du kontakte røyrleggar.
Råd for å unngå frosne røyr:
- Ha tilstrekkeleg innetemperatur: For å hindre at vatn frys til is og for å verne røyrsystemet innvendig, må du sørgje for at alle rom som inneheld vassleidningar har ein temperatur på minst ti grader.
- Lukk vindauge nær vassrøyr: Sjølv om gjennomsnittstemperaturen i rommet er over ti grader, kan kulde frå vindauge føre til at vatnet i røyra frys. Dette gjeld òg ventilasjonsventilar.
- Viss du er borte bustaden: Dersom du skal vere borte frå bustaden over lengre tid, bør du stengje hovudstoppekrana og tømme vatnet som allereie står i røyra ved å la springen renne og skylle ned i toalettet. Lat éin av kranane stå open når du reiser. Dette reduserer trykket i røyra og kan avgrense omfanget av eventuelle vasskadar.
- Fritidsbustader: Ikkje skru av varmen. Når du drar frå fritidsbustaden i meir enn tre dagar, bør du alltid gjere det same som nemnt i punkt tre. Dette vil avlaste røyra dersom dei skulle fryse medan du er borte.
Råda er henta frå forsikringsselskapet gjensidige sin portal Godt forberedt.
Publisert 23.01.2026 13:17
Sist endra 23.01.2026 13:17