Erlend Friestad/Nanseth Media
Rapporten 1. tertial 2026, er utarbeida etter rekneskapen for januar til og med april 2026.
Rapporten viser eit meirforbruk på omlag kr 3,3 millionar, og ei prognose for året med eit meirforbruk på i overkant av kr 13 millionar, viss det ikkje vert sett i verk nye tiltak. Kommunen har god kontroll på lønsutgiftene med eit mindreforbruk på kr 1,6 millionar. Utgiftene viser meirforbruk på kr 11,5 millionar, medan inntektene er kr 7 millionar over budsjettert.
På sektornivå er biletet meir samansett sidan nokre tenesteområde ligg betre an enn budsjettert, medan andre har mindreforbruk. Det største meirforbruket finn vi på Samfunnsutvikling og på Vertskommunesamarbeid. Sektor for Velferd har det største mindreforbruket, på i overkant av kr 2 millionar.
Kommunen er på rett veg, men det er langt att. Ein del av kostnadane er vanskeleg å redusere, i alle fall på kort sikt. Utbetalingar til sosiale stønader og barnevern er døme på slike og også døme på tenester som tradisjonelt har slite med store overskridingar. Desse kostnadane kjem enten dei er budsjetterte eller ikkje, og det er lagt vekt på å budsjettere meir realistisk. Det knyter seg stor spenning til korleis rentenivået vil utvikle seg ut over året. Den forventa rentenedgangen midt i året kom ikkje, det vart i staden ein renteauke. Det gjenstår å sjå korleis dette vil utvikle seg og kva verknad dette får utover året.
Under følgjer kommunedirektøren si innleiing til tertialrapporten.
Gjennom første tertial har både politisk og administrativ leiing arbeidd målretta med å tilpasse drifta til dei økonomiske rammene. Det er gjennomført fleire tiltak og vedtak for å redusere utgiftsnivået, og organisasjonen er styrkt på sentrale område for å betre gjennomføringsevna i ein situasjon med omfattande omstillingsbehov.
Samtidig viser rapporten at biletet er samansett. Fleire tenesteområde har tilfredsstillande drift og god økonomistyring, medan andre område har utfordringar som kan forklarast med både kostnadsvekst og forhold i budsjettet. Samla sett avdekkjer rapporten eit vedvarande gap mellom kostnadsnivå og inntektsrammer.
Meirforbruket er i hovudsak knytt til få, men vesentlege område. Særleg gjeld dette kommunal eigedom, der kostnader til straum, forsikringar og drift ligg høgare enn det som er lagt til grunn i budsjettet. I tillegg kjem auka finansutgifter som følgje av renteutviklinga, samt enkelte budsjettmessige utfordringar innan oppvekstområdet.
Sektorane for læring og kultur og Velferd har over tid gjennomført omfattande omstillingar og tilpassingar i drifta. Arbeidet har vore krevjande, men sektorane har vist evne til å gjennomføre nødvendige endringar samstundes som ein har halde oppe kvaliteten i tenestene. Dette arbeidet gir eit viktig grunnlag for vidare utvikling, sjølv om det framleis er underliggjande utfordringar knytt til delar av budsjettgrunnlaget.
Utviklinga på finansområdet illustrerer godt dei rammene kommunen arbeider innanfor. Kommunen har inga påverknad på renteutviklinga, og avviket mellom føresett og faktisk rentenivå gir ein direkte effekt på driftsresultatet. Det er framleis usikkert korleis renta vil utvikle seg vidare gjennom året, og dette er ein faktor som må følgjast tett.
Samstundes har kommunen gjennom fleire år arbeidd systematisk med å få betre kontroll på lønskostnadene. Mykje tyder på at dette arbeidet har gitt resultat. Auka medvit rundt bemanning, stillingsbruk og oppfølging av budsjett har bidrege til ei meir berekraftig utvikling på dette området. Dette er eit viktig fundament i det vidare arbeidet.
Sjølv om det er sett i verk tiltak på fleire område, viser rapporten at handlingsrommet for ytterlegare omstilling er avgrensa i delar av verksemda. Innan velferd og Læring og Kultur er det gjennomført omfattande tilpassingar over fleire år, og vidare reduksjonar må vurderast opp mot krav til forsvarleg drift og aukande behov i tenestene. Demografiske endringar og rekrutteringsutfordringar forsterkar dette biletet.
Omstillingsarbeidet stiller store krav til leiarar og tilsette i heile organisasjonen. Kommunedirektøren vil denne gongen i særleg grad framheve innsatsen frå einingsleiarar og mellomleiarar, som har eit krevjande ansvar med å balansere dagleg drift, fagleg kvalitet og økonomiske krav. Gjennom tett oppfølging, ansvarleg styring og stor arbeidsinnsats bidreg dei til å halde kommunen på rett kurs i ein krevjande situasjon.
Omstillingsarbeidet påverkar organisasjonen. Det er stor innsats frå leiarar og tilsette, og det vert stilt høge krav til fleksibilitet og omstillingsevne. Kommunedirektøren vil understreke betydninga av å gjennomføre prosessane på ein måte som tek vare på dei tilsette og sikrar godt samarbeid med tillitsvalde. Dei tilsette er kommunen sin viktigaste ressurs, og det er avgjerande at ein lukkast både fagleg og som arbeidsgjevar i denne fasen.
Kommunedirektøren vurderer at dei tiltaka som er sette i verk vil ha effekt, men det er framleis usikkerheit knytt til om samla effekt vil vere tilstrekkeleg til å bringe drifta i balanse i 2026. Erfaring frå tidlegare år tilseier at delar av meirforbruket kan bli redusert gjennom året, men dette føreset aktiv oppfølging og løpande styring.
Utviklinga må difor følgjast tett. Det vil vere behov for kontinuerleg vurdering av tiltak og prioriteringar, og det kan bli nødvendig å setje i verk ytterlegare grep dersom utviklinga ikkje går i rett retning.
Samla sett vurderer kommunedirektøren at kommunen er på rett veg, men at situasjonen framleis krev tydelege prioriteringar, gjennomføringsevne og tett oppfølging i tida som kjem.
Bent Arild Grytten, kommunedirektør
Her kan du lese heile økonomirapporten for dei fyrste fire månadane i 2026.