Her har storebukken Jendine akkurat stonga trollet Ola ned i elva. Veslebukken Henrikke og mellombukken Siddarth følgjer spent med.
Erlend Friestad
Framsyninga er del av ein årleg tradisjon i Syverplassen. Tidlegare år har barnehagen mellom anna sett opp Hakkebakkeskogen, Folk og røvarar i Kardemomme by og Taremareby.
På scena stod ein fin flokk med småtroll, Blåmann, Bukkane Bruse, Lurvelegg, Kjerringa med staven – og ikkje minst Hjuringen – klare til å vise fram kva dei har øvd på i lang tid. Og dei gjorde det med ei glede og ei sjølvsikkerheit som berre barn kan ha.
Tradisjonen lever vidare
I ei tid der mykje av musikken borna møter kjem frå YouTube, TikTok og moderne barne-TV, er det noko heilt eige å sjå dei kastar seg inn i songar som har levd i generasjonar. Desse gamle folkevisene og barnesongane er ein del av kulturarven vår – små skattar som har følgt norske barn gjennom hundrevis av år.
At dei no blir løfta fram av dei aller yngste, gjer at tradisjonen lever vidare. Det er ikkje berre underhaldning; men det handlar og om identitet, fellesskap og historie som borna kan ta med vidare.
Småtrolla i Syverplassen gjekk inn i rollene sine med heile kroppen.
- Bukkane Bruse vart levande gjennom Henrikke, Siddarth og Jendine, som spelte dei tre bukkane – frå den minste til den største – med imponerande innleving.
- Ola fekk publikum til å både skvette og le som det skumle trollet som til slutt hamna i elva.
- Kjerringa med staven vart tolka av Olivia og Emilie, medan Ahmed og Magnus var friarane som prøvde å vinne hjarta hennar.
Dei aller minste på Gulsporven sjarmerte publikum med songen om Lurvelegg, medan borna på Grøn var utkledde som småtroll – og det var ikkje mogleg å ikkje smile av den gjengen.
Det var fleire kjerringar og fleire stavar under framsyninga.
Erlend Friestad
Når små barn viser at dei får det til
Det som gjorde sterkast inntrykk, var kanskje ikkje kostyma, replikkane eller kulissane – men måten borna strålte på. Dei song av full hals, dei spelte rollene sine med stoltheit, og det viser at når barn får rom til å utfalde seg, så får dei verkeleg til store ting. Ja, for dette er stort for oss alle.
Foreldre og besteforeldre sat med varme smil og kamera i høgste beredskap, og mange uttrykte etterpå kor fint det var å høyre dei gamle songane få nytt liv gjennom dei yngste.
Musikalen er ei påminning om kor viktig det er å ta vare på dei gamle songane – ikkje berre som musikk, men som kulturarv.
Heile barnehagen var med og alle hadde roller i musikalen.
Erlend Friestad