Rekordvinter for Stikk UT – stor deltaking i Hareid
Stikk UT vinter 2025–2026 vart ein rekord, både i talet på deltakarar og registrerte turar fylket sett under eitt. Også i Hareid var interessa stor, med høg aktivitet på alle turmåla gjennom heile vintersesongen.
Rotarystien var det mest populære vintermålet i Stikk Ut i Hareid kommune sesongen 25-26 - med heile 2466 besøk.
Hareid kommune
Sesongen gjekk frå 1. desember 2025 til 15. april 2026, og i Hareid vart det totalt registrert 7 562 turar. Dette viser at mange har nytta nærturane sine og vore aktive ute – også i den kalde og mørke årstida.
Registreringar per turmål i Hareid (vintersesong 2025–2026)
- Rotarystien: 2 466
- Overåsanden – nasjonalmonument: 1 380
- Gamleåsen frå Hjørungavåg: 1 267
- Kvitneset: 936
- Skafjellet – vinterfottur: 589
- Hammarstøylsvatnet – Feittbrennaren: 478
- Alskleiva frå Holesanden: 446
Den gode deltakinga viser at Stikk UT! er eit viktig lågterskeltilbod for folkehelsa, og at vi set pris på tilgjengelege turmål i nærmiljøet.
No gler vi oss til hovudsesongen startar 1. mai, med heile 20 turmål i Hareid klare for nye turopplevingar.
Publisert 21.04.2026 10:56
Sist endra 21.04.2026 10:56