Renate er Hareid kommune sin nye ungdomsarbeidar

Stillinga er lagt til eining for næring, kultur og busetting. Der er det nært samarbeid for å bidra til bulyst og at Hareid skal vere ein god stad for born og unge.

Bilete av Renate Bøe som er omtala i artikkelen. - Klikk for stort bilete privat  

Renate Seljeseth Bøe starta 1. august i stillinga som ungdomsarbeidar i Hareid kommune. Ho vil mellom anna ha ansvar for ungdomsklubben og ungdomsrådet. Eininga jobbar også med å arrangere ulike aktivitetar for ungdom utover hausten, der ungdomsarbeidaren vil ha ei viktig rolle.

– Eg er svært glad og spent på å ta fatt på rolla som ungdomsarbeidar i Hareid kommune. Eg er takksam for at Hareid vel å satse på ungdomen og ser verdien av å kunne tilby eit godt ungdomstilbod. Eg veit at det vert tatt godt imot og at ungdomen set stor pris på det tilbodet som allereie er i kommunen, fortel ho.

Renate er utdanna barne- og ungdomsarbeidar og har mange års erfaring med barn og ungdom frå arbeid i både barnehage og skule. Ho er busett på Hareid saman med mann og tre born.

Ho ønskjer å være ein synleg ungdomsarbeidar og håper å få både ungdom, foreldre og sambygdingar med på laget!