Tomta til høgre for parkeringsplassen bak Kjøpmannsgata, er ei av tomtene som er aktuelle for ROP-bustadar.
Erlend Friestad
Møtet blir halde i kommunestyresalen og startar klokka 12.00. Møtet er ope for publikum.
Under får du eit samandrag av dei viktigaste sakene som skal handsamast.
Formannskapet skal også få innsikt i kommunen sin økonomiske situasjon. Dette kan du lese meir om i denne artikkelen:
Prognose: Hareid ligg an til over 13 millionar i minus i 2026
Her kan du lese alle sakspapira frå formannskapsmøtet.
Omsorgsbustadar ROP: Kvar skal bustadane ligge?
Formannskapet skal behandle saka om plassering av tre minihus for personar med rus- og psykiatrivanskar (ROP). Saka blir behandla i ope møte.
Kommunen har tidlegare kjøpt inn tre minihus som i dag står lagra i påvente av permanent plassering. Administrasjonen har vurdert 13 moglege plasseringar i sentrumsnære område. Vurderingane er gjorde etter kriterium som kommunalt eigarskap, plan- og byggesak, teknisk infrastruktur, omsyn til brukarane, trafikktilhøve og tilgang for naudetatar. Resultatet er oppsummert i eit trafikklyssystem som også seier noko om kor krevjande dei ulike alternativa er å realisere.
Administrasjonen rår til å unngå å samle alle tre bustadene på same stad, og peikar på ei løysing der bustadene blir fordelte på to område (2 + 1). Saka er lagt fram utan tilråding.
Næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet handsama saka i møta 2. og 3. juni. NMU meiner Hjellebakken, Kjøpmannsgata og K.L-vegen høver beste, medan LKU peika på Hjellebakken og K.L.-vegen.
Saka går vidare til kommunestyret for endeleg behandling.
Skal Hareid kommune delta i TV-aksjonen 2026?
NRK TV-aksjonen 2026 går til Flyktninghjelpen og blir gjennomført søndag 18. oktober. Formannskapet skal ta stilling til om Hareid kommune skal delta i aksjonen, og korleis han i så fall skal organiserast.
Bakgrunnen for saka er redusert administrativ kapasitet, særleg i servicetorget, og at det ikkje er sett av midlar i budsjettet til gjennomføring av aksjonen. Tidlegare har kommunen hatt ei sentral rolle i organiseringa av den tradisjonelle bøsseaksjonen.
I saka blir det foreslått ei meir avgrensa kommunal rolle. Tradisjonell bøsseaksjon føreset stor frivillig innsats, medan digitale innsamlingsløysingar blir peika på som eit alternativ dersom det ikkje let seg gjere å mobilisere tilstrekkeleg frivillig deltaking.
Saka blir avgjord i formannskapet.
Skal Hareid kommune slå saman eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetting
Formannskapet skal sluttbehandle saka om samanslåing av eldrerådet og rådet for personar med funksjonsnedsetting (RFU).
Kommunestyret vedtok i budsjettet for 2026 å slå saman råda, men etter innspel frå råda sjølve og frå brukarorganisasjonar har saka vore lagt ut på ny høyring. Regelverket har separate råd som hovudregel, men opnar for felles råd dersom det er nødvendig ut frå lokale forhold.
I saksutgreiinga er fleire alternativ vurderte:
- eitt felles råd (varig)
- eitt felles råd som prøveordning
- vidareføring av to separate råd
- to separate råd med felles møte i saker av felles interesse
Brukarorganisasjonane som har gitt høyringssvar, frårår samanslåing. Dei peikar mellom anna på at eit felles råd kan svekkje medverknaden for personar med funksjonsnedsetting, at saksfeltet blir svært breitt, og at økonomiske omsyn åleine ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for samanslåing. Det blir også vist til at eldre og personar med funksjonsnedsetting ikkje alltid har samanfallande interesser, og at eigne råd gir tydelegare stemme for kvar gruppe.
Administrasjonen rår likevel til å opprette eitt felles råd, og legg vekt på omsyn som enklare organisering, betre samordning og meir effektiv bruk av administrative ressursar. Formannskapet skal ta stilling til kva alternativ som skal tilrådast vidare.
Både næring- og miljøutvalet og levekårsutvalet meiner Hareid kommune skal vidareføre to separate råd.
Saka går vidare til kommunestyret for endeleg behandling.
Nye reglar for vass- og avløpsgebyr
Formannskapet skal ta stilling til om forslag til ny felles gebyrforskrift for vatn og avløp skal leggjast ut på høyring. Forskrifta er utarbeidd i samarbeid med dei seks andre kommunane i Sjustjerna, og målet er å få meir einsarta reglar, betre samarbeid og mindre sårbarheit i forvaltninga av vass- og avløpsgebyr.
Forskrifta gir dei juridiske rammene for korleis gebyra skal reknast ut og krevjast inn, medan sjølve gebyrsatsane blir fastsette årleg gjennom gebyrregulativet. Sjølv med ei felles forskrift vil satsane kunne variere mellom kommunane, avhengig av lokale kostnader og investeringar.
Formannskapet skal ta stilling til om forslaget skal sendast på høyring.
Nivå på budsjettering i budsjett og økonomiplan
Saka gjeld kva nivå Hareid kommune skal vedta budsjett og økonomiplan på frå og med 2027. I dag blir budsjettet vedteke på einingsnivå, men det blir foreslått å gå over til vedtak på sektornivå. Bakgrunnen er mellom anna merknader frå statsforvaltaren, som meiner budsjettering på sektornivå vil gi betre oversikt og samanheng mellom budsjett og tiltak. Administrasjonen peikar på at budsjettet framleis vil bli fordelt på einingar administrativt, og at rapporteringa vil halde fram som i dag. Saka går vidare til kommunestyret for endeleg avgjerd.
Nasjonaljubileet 2030 – jubileumsstafett
Formannskapet skal ta stilling til om Hareid kommune skal delta i jubileumsstafetten knytt til Nasjonaljubileet i 2030. Stafetten skal gå gjennom fleire kommunar, og Hareid er invitert til å delta når stafetten kjem til regionen i 2029.
Saka handlar om kommunen si rolle i jubileumsarbeidet og eventuell deltaking i lokale arrangement knytt til stafetten.
Saka skal vidare til kommunestyret for avgjerd.
Høyring om endring i vallova
Formannskapet skal ta stilling til høyringssvar om forslag til endringar i vallova. Forslaget opnar for krinsvis oppteljing av førehandsrøyster.
Saka var første gong oppe til behandling i formannskapet 27. april, men blei då utsett. Administrasjonen meiner forslaget vil føre til meirarbeid og meir komplekse prosessar, utan at nytteverdien står i forhold til ressursbruken og ønsker at kommunen skal sende inn eit høyringssvar som er mot forslaget.
Formannskapet avgjer kva høyringssvar som blir sendt til regjeringa.
Endring i samarbeidsavtalen med Helse Møre og Romsdal HF
Formannskapet skal behandle forslag om endring i samarbeidsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal HF.
Endringa gjeld samansetjinga av det strategiske samarbeidsutvalet i helsefellesskapet, med mål om å sikre deltaking frå toppleiinga på begge sider og betre forankring av strategiske saker.
Saka går vidare til kommunestyret for endeleg behandling.