Rune startar som ny prosjektleiar på eigedomsavdelinga

Rune Johan Thorholm er ein fagmann med lang erfaring.

Portrett av Rune Thorholm - Klikk for stort bilete Privat

Han har svennebrev i tømrarfaget og har i 21 år jobba som tømrar. Dei siste 13 åra har han jobba som fagleiar og prosjektleiar, og er det med godt kjend med oppgåvene som står føre han som ny prosjektleiar ved eigedomsavdelinga.

Rune er 53 år, gift og har to born. Fjellmannen frå Haddal har kort veg til den nye arbeidsplassen ved Hareid Rådhuset, og vil tilføre avdelinga verdifull kompetanse innan bygg og anlegg. 

Han startar jobben på måndag 16. oktober og vill ha mykje å gjere frå dag 1.

Vi ønsker velkomen og lukke til!