Saker til formannskapet 17. april

Skal kommunen kjøpe Flømannsbuda? Skal Milleniumsbygget få ny fasade? Korleis er den økonomiske stoda i kommunen etter februar?

Dronebilete av Flømannbuda teke i retning sentrum. - Klikk for stort bileteFormannskapet skal vurdere om dei vil godkjenne at Hareid kommune kjøpe Flømannbuda for to millionar kroner. Erlend Friestad
Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan innehalde utdatert informasjon.

Under følgjer eit samandrag av sakene som skal opp i møtet 17. april klokka 12.

Møte er ope for publikum på rådhuset i kommunestyresalen.

Alle saksframlegg og sakspapir kan de lese via denne lenka.

Kjøpe Flømannbuda?

Hareid kommune har arbeidd fram ein avtale der kommunen kjøpe Flømannbuda for to millionar kroner. I denne saka skal formannskapet ta stilling til om dei vil godkjenne avtalen.

Flømannbuda har ei sentral plassering i indre hamn på Hareid, berre eit steinkast nord for den kommunale kaia ved Godsterminalen og det utfylte sjøområdet sør for produksjonslokalet, som Dimo i skrivande stund har under oppføring.  Kommunen har strandrettar i heile det nemnte området, ved kaia og framfor Dimo sin eigedom.  Flømannbuda har ei lang historie i Hareid og det har vore ulike framlegg opp gjennom tida, til korleis området skal utnyttast på beste måte.  Eigedommen som det no er aktuelt å kjøpe er på om lag 2400 kvadratmeter og den er bebygd med ei eldre bu med kai.  Bua er i dag nytta som lagringsplass og det er elles ikkje knytt noko næringsverksemd til eigedommen, slik den ligg føre.

Kommunedirektøren tilrår at kommunen kjøper tomta. i denne omgang handlar det ikkje om korleis ein konkret skal nytte eigedommen, men å sikre seg moglegheiter til å utnytte området på ein god måte i framtida.

 

Skal Milennium-bygget få ny fasade?

Eigarane av Milennium-bygget (gamle Elon) har søkt om rammeløyve for totaloppgradering / ombygging av eksisterande bygg, fasadeendring, tilbygg for rømingstrapp og uteplass og tilbygg på tak for teknisk rom.

Tiltaket er sopass omfattande at det også er søkt dispensasjon for mellom anna bruken av bygget, talet på etasjar og farge på bygget.

Når kommunen skal vurdere dispensasjonssøknadar frå planar, må vi vurderer om fordelane er større enn ulempene. Samla sett meiner kommunedirektøren at det er ein overvekt av fordelar samanlikna med ulemper. Den nye opprustinga av bygget vil harmonere, og komplimentere opprustinga av sentrum, og gje eit betre heilskapleg inntrykk i miljøet. Det er også svært positivt at utbyggar ser seg syn med gjenbruk av eldre bygg.

Kommunedirektøren tilrår derfor formannskapet å gi løyve og dispensasjon slik det er søkt om.

 

Økonomirapportering frå februar

Ei samla vurdering er at vi går inn i det nye året med stor usikkerheit i høve forhold som påverkar finansområdet, og at rekrutteringssituasjonen ser ut til å påverke drifta på ein måte det aldri har gjort før. Oppfølging av sjukmeldte vil framleis vere viktig, og kommunedirektøren si leiargruppe har budsjett- og vedtaksoppfølging som fast tema. Kvar sektor skal rapportere fortløpande på omstillingstiltak og prosjekt.

Heile februarrapporten kan du lese her.

Formannskapet skal ta rapporten til vitende.