Møtet er som alltid ope for publikum og blir strøyma slik at du kan sjå det direkte eller i opptak.
Alle saksdokumenta med vedlegg kan du lese her.
Sjå sendinga frå møtet her:
Prikktildeling etter avvik ved salskontroll – Eurospar Hareid
Ved ein kontroll 17.09.2025 vart det avdekt brot på reklameforbodet i alkohollova. Avviket gjaldt ulik storleik på prislappar for alkoholhaldige varer. Kommunedirektøren tilrår å tildele Eurospar 1 prikk, i tråd med alkoholforskrifta. Butikken har erkjent feilen og stramma inn rutinane.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Høyringsinnspel – organisering av TT-ordninga
Fylkeskommunen har sendt på høyring forslag til ny organisering av tilrettelagt transport (TT). Hareid kommune skal gi innspel for å sikre gode transportløysingar for personar med nedsett funksjonsevne.
Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025–2035
Planen legg føringar for utvikling av anlegg og aktivitetstilbod dei neste ti åra. Formannskapet skal godkjenne planen og prioritere spelemiddelsøknadar for 2026. Høgaste prioritet går til sanitæranlegg ved Nessetelva og gapahuk ved Plassane bustadfelt.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Ny organisering av innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre
Frå 01.01.2026 blir samarbeidet om offentlege innkjøp omorganisert til administrativt vertskommunesamarbeid med Ålesund som vertskommune. Ny finansieringsmodell med innkjøpsproveny skal gi meir rettvis kostnadsfordeling og styrka kompetanse.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Gebyr for unødige alarmar
Gebyret for unødige brannalarmar blir foreslått auka til 10 500 kroner per utrykning frå 01.01.2026. Samtidig fjernast ordninga med «tabbekvote», slik at alle unødige alarmar blir fakturerte. Målet er å redusere talet på falske alarmar.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Oppmoding om busetting av flyktningar i 2026
IMDi ber Hareid kommune busette inntil 55 flyktningar neste år. Kommunen har kapasitet i tenestene og bustader, og tilskotsordninga frå staten dekker kostnadene. Formannskapet skal ta stilling til om kommunen seier ja til oppmodinga.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Stifting av nytt destinasjonsselskap Møre og Romsdal
Det blir foreslått å slå saman Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordmøre & Romsdal til eitt felles selskap. Hareid kommune skal ta stilling til å gå inn som aksjonær og inngå treårig samarbeidsavtale. Målet er å styrke reiselivet og synleggjere regionen.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Dokumentasjonsforvaltning på Søre Sunnmøre – kommunalt oppgåvefellesskap
Saka gjeld etablering av eit formalisert samarbeid mellom seks kommunar om arkiv og dokumentasjonsforvaltning. Modellen skal gi meir robuste tenester, redusere sårbarheit og legge til rette for automatisering. Oppstart er planlagt 01.01.2026.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Forskrift om skulereglar – slutthandsaming etter høyring
Saka gjeld endeleg vedtak av lokal forskrift for skulereglar i Hareid kommune. Forskrifta vart vedteken i 2024, men ikkje sendt på høyring som lova krev. Etter ny høyringsrunde er endringar tekne inn, mellom anna presisering av tilsette sin rett til å gripe inn for å avverje skade og justering av ordlyd om fråvær. Formannskapet skal vedta forskrifta med dei endringane som er gjorde etter høyringa.
Forskrift om fag- og timefordeling – slutthandsaming
Kommunen ønskjer å omdisponere inntil 10 % av timane i faga, slik opplæringslova opnar for. Dette krev lokal forskrift. Framlegget har vore på høyring utan merknader. Endringane gir mellom anna fleire timar i matematikk og noko reduksjon i KRLE, medan ungdomsskulen har små avvik frå nasjonal norm. Målet er betre tilpassing til lokale behov og fagleg styrking. Kommunestyret skal vedta forskrifta.
Lokal forskrift for elevpermisjonar – slutthandsaming etter høyring
Forskrifta regulerer permisjonar for elevar i grunnskulen. Etter høyringsrunde er talet på permisjonsdagar utvida til 10 per skuleår, og det er presisert at permisjon ikkje blir gjeve til fritidsreiser. Endringane skal gjere reglane meir føreseielege og romslege for viktige familiehendingar. Kommunestyret skal vedta forskrifta med dei justeringane som er gjorde etter høyringa.
Månadsrapport for oktober 2025
Rapporten viser at kommunen ligg an til eit meirforbruk på om lag 23,8 millionar kroner for året. Tiltak som innkjøpsstopp er innført, men økonomien er framleis krevjande. Formannskapet skal ta rapporten til vitende.
Eigedomsskatt i Hareid kommune i 2026
Kommunedirektøren foreslår å auke satsen frå 3 til 4 promille for bustadar og fritidseigedomar. Det skal ikkje nyttast botnfrådrag. Auken er berekna å gi meirinntekter på om lag 4 millionar kroner, som er nødvendig for å sikre driftsnivået i kommunen.
Det er kommunestyre som fattar endeleg vedtak.
Budsjett og økonomiplan 2026–2029
Saka omfattar kommunen sitt budsjettarbeid for dei neste fire åra. Budsjettet er stramt, og kommunen står framleis på ROBEK-lista. Formannskapet skal leggje fram sitt budsjett, som så blir sendt på høyring i to veker. Endeleg budsjett er det kommunestyret som vedtek 11. desember.