Budsjettet for neste år er sjølvsagt den viktigaste saka i dette møtet.
I denne artikkelen kan du lese heile forslaget til budsjett og korleis du kan sende inn innspel til dei folkevalde.
Møtet blir, som vanleg, strøyma og du kan sjå det direkte eller i opptak her eller på Facebook-sida til Hareid kommune.
Du kan lese alle sakspapira og sjå heile saklista her.
Det er to saker som er tett knytt til neste års budsjett:
SFO-vedtekter (mellom anna opningstider)
SFO-vedtektene regulerer mellom anna opningstilbod på kvardagar og feriar. Vedtektene er ein lokal forskrift og må derfor på høyring. I denne saka skal formannskapet bestemme om saka skal på høyring.
Framlegget frå administrasjonen er å ha ope frå 0730-1530 på kvardagar på alle dei tre barneskulane og ha stengd i feriane.
Eigedomsskatt
Kommunedirektøren har lagt fram sak om å auke eigedomsskatten frå 3 promille til 4 promille. Det vil gi kommunen 3,5 millionar i ekstra inntekter, noko som er naudsynt på grunn av den svært pressa økonomiske situasjonen kommunen er i.
Andre saker:
Vatn til Hjørungneset
Hareid kommune har greia ut korleis vi eventuelt kan tilby kommunalt vatn til innbyggarane på Hjørungneset, og kor mykje det vil koste. Konklusjonen er at prosjektet vil vere for dyrt for dei 3-5 husstandane. Det er estimert at prosjektet vil koste 9,5 millionar. Formannskapet vil få ei orientering i saka, og tilrådinga er at konklusjonen blir teke til vitende.
Felles Nav-kontor
Det blir arbeida med å få til eit felles Nav-kontor for ytre søre Sunnmøre. Denne saka gjeld godkjenning av ny vertskommuneavtale for kommunane Hareid, Ulstein, Sande, Herøy og Vanylven. Tilsvarande sak blir også fremma for kommunestyra i dei andre kommunane.
Trafikktryggingsplan på høyring
Hareid kommune har i fleire år jobba med ein trafikktryggingsplan. No er planen klar for å sendast ut på høyring. Planen som no ligg føre, skal gi eit godt grunnlag og vere eit styringsverktøy for vidare arbeid og planlegging. Alle innspel som har kome inn langs med er gjort vurderingar av og innarbeidt i planen. Kommunedirektøren meiner planen på ein grundig og god måte syner dei trafikkale utfordringane Hareid kommune står ovanfor.
Planen gir ei grov framstilling av kva kostnadar dei ulike tiltaka ber med seg og det vil vere eit verktøy som er styrande for kva tiltak skal vere med i investeringsplanen.
Spelemiddelsøknadar for 2025
Kommunestyret skal godkjenne kva prosjekt Hareid kommune skal søkje om spelemidlar frå Norsk Tipping. Administrasjonen rår til at det blir søkt om spelemidlar for følgande:
- ordinære anlegg, i prioritert rekkefølge:
- kunstgrasbane ved Hareid ungdomskule
- sanitæranlegg ved Nessetelva,
- fleirbrukshall i Hjørungavåg i 2025
- nærmiljøanlegg i prioritert rekkefølge:
- ballbinge ved Plassane bustadfelt
- akebakke ved Plassane bustadfelt
- gapahuk ved Plassane bustadfelt