Saker til kommunestyret 12. februar - ungdomsråd, skuleutvikling, eigedomsskatt, tenestepensjon, budsjett

Kommunestyret i Hareid kommune skal 12. februar handsame fleire viktige saker som handlar om både økonomi, styring og framtidig utvikling.

utsikt frå Skafjellet mot Snipsøyrdalen - Klikk for stort bilete Hareid kommune

Møtet startar kl. 18.00 i kommunestyresalen. Møter i kommunestyret er opne for alle, og vil bli sendt direkte på nettside og Facebook.

Du kan lese alle sakspapira og sjå heile saklista her.

 

Her kjem eit samandrag av dei viktigaste sakene:

 

Val til ungdomsråd

Ungdomsrådet skal veljast på nytt annakvart år. Om lag 20 ungdomar melde si interesse for å sitje i rådet. Valutvalet hadde derfor mange gode kandidatar å velje mellom til dei ti plassane. Dei føreslår følgande kandidatar:

  • Hedda Selvåg Larsen 
  • Ingrid Holstad-Dalsøren
  • Sofie Bjåstad
  • Gudmund Gryt
  • Vinter Brandal Johansen 
  • Thanura Premakumar
  • Håkon Stokke Nytun
  • Prajiv Selva
  • Håkon Alexander Kleppe
  • Ange Shanel Koffi

Det er kommunestyret som skal gjere endeleg vedtak.

 

Ber om langsiktig og kunnskapsbasert skuleutvikling i Hareid kommune

Robert Flø i Høgre har levert inn ein interpellasjon som kommunestyret skal handsame. Han ønsker at kommunestyret ber administrasjonen om å setje i gang eit breitt og langsiktig arbeid for å greie ut framtidig utvikling av skulen i Hareid kommune. Formålet med arbeidet er å gi kommunestyret eit betre og meir langsiktig grunnlag for politiske val knytte til skuleutvikling, og ikkje å fatte strukturelle vedtak i denne fasen. Her kan du lese heile interpellasjonen og alle forslaga.

 

KS Debatthefte 2026: Tid for taktskifte

KS sender årleg ut debattheftet til kommunar og fylkeskommunar som ei oppmoding om å gi innspel til aktuelle politiske tema. Kommunedirektøren presenterer årets problemstillingar for politisk handsaming.

Dette debattheftet handlar om kva kommunar og fylkeskommunar sjølv kan og bør gjere no for å redusere forventningsgapet og møte dei store og dramatiske tryggleikspolitiske endringane i verda og i Noreg. Innspela frå Hareid kommune vert samla av KS Møre og Romsdal og tekne med vidare i det nasjonale arbeidet.

Formannskapet innstilte på administrasjonen sitt framlegg, men med eit tillegg som ordførar skal koordinere.

 

Årshjul for budsjettprosessen

KS sitt nettverk for berekraftig kommuneøkonomi anbefaler vedtak av eit årshjul som klargjer aktivitetane i budsjettarbeidet. Kommunedirektøren foreslår å knyte aktivitetane til allereie vedtekne møtedatoar i 2026. 

 

Evaluering av budsjettprosessen 2025

Kommunedirektøren legg fram ei samla evaluering basert på innspel frå leiargruppa, einingsleiarar og politiske parti. Evalueringa syner ein budsjettprosess med god grunnstruktur (årshjul, møtepunkt og openheit), og med auka medverknad frå einingane. Samstundes er det tydeleg behov for meir føreseieleg informasjonsflyt, tidlegare politisk involvering og klarare styringssignal. Eit gjennomgåande funn er at mellomfasen mellom kommunedirektøren sitt framlegg og formannskapet si handsaming mangla, noko som skapte tidspress, uro i skulesektoren og ulik tolking av signal. I tillegg treng talgrunnlaget – særleg for skule/elevtal og KOSTRA‑presentasjonar – betre kvalitetssikring og kontekst for å unngå misforståingar.

 

Ny sak om eigedomsskatt i 2026

Saka vert lagt fram på bakgrunn av tilbakemelding frå Statsforvaltaren. Kommunestyret skal vedta satsar for eigedomsskatten for 2026. Det vert foreslått å auke satsen frå 3 til 4 promille for bustader og fritidsbustader for å styrke kommuneøkonomien og møte krava frå Statsforvaltaren om kortare inndekking av meirforbruket.

Auken er venta å gi om lag 4 millionar kroner i meirinntekter i 2026, i tillegg til rundt 10,8 millionar som kjem ved å vidareføre dagens sats. Kommunedirektøren vurderer eigedomsskatt som nødvendig for å sikre forsvarleg drift i ei tid der både lånegjeld, renteauke og store investeringar set økonomien under press, og der kommunen må nytte inntektspotensialet sitt fullt ut for å unngå større kutt i tenestene. [EF4] 

Ei auke frå 3 til 4 promille svarer til ei auke i eigedomsskatten på 33 prosent. Viss du i 2025 betalte 6000 i eigedomsskatt, vil du måtte betale 8000 i 2026. I tillegg kjem eventuelle verdiendringar.

 

Endringar i Handlings- og økonomiplan 2026–2029

Endringane kjem etter innspel frå Statsforvaltaren. Det er særleg lagt vekt på auka inntekter i økonomiplanperioden.

Her er lenke til heile økonomiplanen. Her er dei viktigasta punkta:

  • Auke i eigedomsskatten frå 3,0 promille til 4,0 promille.
  • Innføre tilsynsavgift for sal av tobakk
  • Auke i innbyggartilskotet basert på dagens innbyggartal
  • Auke i PU midlar
  • Auke i refusjon ressurskrevjande brukarar
  • Oppstart oppdrettsanlegg Attavika
  • Oppstart oppdrettsanlegg Lauspneset
  • Tatt ut innsparing Pålhaugen 2026
  • Lagt inn auke i ressurskrevjande brukarar i 2026

 

Tiltaksplan 2025 etter endringar 12.02.26

Statsforvaltaren har sendt tiltaksplanen tilbake for justering. Inndekkingstida for meirforbruket for 2023 og 2024 på 106 millionar kroner er no foreslått redusert frå 10 til 7 år. Kommunen må søkje om forlenga inndekkingstid utover 4 år og dokumentere kvifor kortare inndekking vil gi uforholdsmessige store konsekvensar.