Erlend Friestad
Her kan du lese alle sakspapira og heile innkallinga.
Møtet er som vanleg ope for publikum. Du kan sjå det direkte eller i opptak her.
Prikktildeling etter avvik ved salskontroll – Eurospar Hareid
Ved ein kontroll 17.09.2025 vart det avdekt brot på reklameforbodet i alkohollova. Avviket gjaldt ulik storleik på prislappar for alkoholhaldige varer. Kommunedirektøren tilrår å tildele Eurospar 1 prikk, i tråd med alkoholforskrifta. Butikken har erkjent feilen og stramma inn rutinane.
Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv 2025–2035
Planen legg føringar for utvikling av anlegg og aktivitetstilbod dei neste ti åra. Formannskapet skal godkjenne planen og prioritere spelemiddelsøknadar for 2026. Høgaste prioritet går til sanitæranlegg ved Nessetelva og gapahuk ved Plassane bustadfelt.
Ny organisering av innkjøpssamarbeidet på Sunnmøre
Frå 01.01.2026 blir samarbeidet om offentlege innkjøp omorganisert til administrativt vertskommunesamarbeid med Ålesund som vertskommune. Ny finansieringsmodell med innkjøpsproveny skal gi meir rettvis kostnadsfordeling og styrka kompetanse.
Gebyr for unødige alarmar
Gebyret for unødige brannalarmar blir foreslått auka til 10 500 kroner per utrykning frå 01.01.2026. Samtidig fjernast ordninga med «tabbekvote», slik at alle unødige alarmar blir fakturerte. Målet er å redusere talet på falske alarmar.
Oppmoding om busetting av flyktningar i 2026
IMDi ber Hareid kommune busette inntil 55 flyktningar neste år. Kommunen har kapasitet i tenestene og bustader, og tilskotsordninga frå staten dekker kostnadene. Formannskapet skal ta stilling til om kommunen seier ja til oppmodinga.
Stifting av nytt destinasjonsselskap Møre og Romsdal
Det blir foreslått å slå saman Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordmøre & Romsdal til eitt felles selskap. Hareid kommune skal ta stilling til å gå inn som aksjonær og inngå treårig samarbeidsavtale. Målet er å styrke reiselivet og synleggjere regionen.
Dokumentasjonsforvaltning på Søre Sunnmøre – kommunalt oppgåvefellesskap
Saka gjeld etablering av eit formalisert samarbeid mellom seks kommunar om arkiv og dokumentasjonsforvaltning. Modellen skal gi meir robuste tenester, redusere sårbarheit og legge til rette for automatisering. Oppstart er planlagt 01.01.2026.
Forskrift om skulereglar – slutthandsaming etter høyring
Saka gjeld endeleg vedtak av lokal forskrift for skulereglar i Hareid kommune. Forskrifta vart vedteken i 2024, men ikkje sendt på høyring som lova krev. Etter ny høyringsrunde er endringar tekne inn, mellom anna presisering av tilsette sin rett til å gripe inn for å avverje skade og justering av ordlyd om fråvær.
Forskrift om fag- og timefordeling – slutthandsaming
Kommunen ønskjer å omdisponere inntil 10 % av timane i faga, slik opplæringslova opnar for. Dette krev lokal forskrift. Framlegget har vore på høyring utan merknader. Endringane gir mellom anna fleire timar i matematikk og noko reduksjon i KRLE, medan ungdomsskulen har små avvik frå nasjonal norm. Målet er betre tilpassing til lokale behov og fagleg styrking.
Lokal forskrift for elevpermisjonar – slutthandsaming etter høyring
Forskrifta regulerer permisjonar for elevar i grunnskulen. Etter høyringsrunde er talet på permisjonsdagar utvida til 10 per skuleår, og det er presisert at permisjon ikkje blir gjeve til fritidsreiser. Endringane skal gjere reglane meir føreseielege og romslege for viktige familiehendingar. Kommunestyret skal vedta forskrifta med dei justeringane som er gjorde etter høyringa.
PS: Budsjettsaka - med tilhøyrande saker skal ikkje opp før i kommunestyret 11. desember. Sjølve budsjettsaka er ute på høyring. Les meir her og sei di meining.