Samla beredskapen på ytre Søre Sunnmøre

Korleis samarbeider vi når både straumen, telefonen og internettet er borte? Det var eit sentralt spørsmål då om lag 40 deltakarar møttest til det første møtet i Ytre Søre Sunnmøre beredskapsråd 25. november. 

forsamlingslokale med mange mennesker - Klikk for stort bileteOm lag 40 personar møtte til det fyrste møtet felles beredskapsråd for ytre Søre Sunnmøre. Silje Scheide Mork

Møtet vart halde på Breidablikk på Larsnes i Sande kommune. Rundt borda sat representantar frå helse, brann, politi, Forsvaret, kommunane, næringslivet, fagrørsla, frivillige organisasjonar og Den norske kyrkja. Også Statsforvaltaren og aktørar innan straumforsyning, IKT og telekommunikasjon var med.

mann framfor presentasjon - Klikk for stort bileteOrdførar i Sande kommune, Dag Vaagen, ønskte velkomen til samlinga. Silje Scheide Mork

Felles råd for fire kommunar

Ordførar i Sande, Dag Vaagen, ønskte velkomen. Deretter presenterte beredskapskontaktane i kommunane kort formålet med det felles rådet for Hareid, Ulstein, Herøy og Sande.

Rådet skal styrkje samordninga og samarbeidet om beredskap, slik at kommunane og lokalsamfunnet står betre rusta til å møte store kriser og krig. Det skal vere ein møteplass der offentlege, private og frivillige aktørar deler informasjon og koordinerer planar og innsats på tvers av kommune- og sektorgrenser.

Målet er at samarbeidet skal ikkje berre gå éin veg, frå det offentlege til dei andre aktørane, eller vere ein dialog mellom den som held ein presentasjon og dei som lyttar. Det skal gå mange vegar – mellom alle deltakarane. Rådet skal vere ein arena der aktørane saman finn ut korleis dei kan førebu seg på og handtere krisene som kjem.

mann framfor presentasjon - Klikk for stort bileteArnt Olav Herjehagen ved Statsforvaltaren i Møre og Romsdal hadde innelgg om situasjonsbildet som kommunane stod ovanfor. Silje Scheide Mork

Eit meir krevjande situasjonsbilete

Arnt Olav Herjehagen frå Statsforvaltaren gjekk gjennom eit meir alvorleg og samansett trusselbilete. Han peika mellom anna på risikoen for russisk sabotasje mot kritisk infrastruktur, digitale angrep, desinformasjon og ekstremismetrugslar. Han tok òg opp forstyrringar i satellittnavigasjonen og risikoen for atomhendingar som følgje av krigen i Ukraina.  

For kommunane betyr dette at dei må vere førebudde på både digitale og fysiske hendingar. Herjehagen løfta fram beredskapsråda som ein arena for å dele informasjon, byggje ei felles forståing av situasjonen og få oversikt over roller og ressursar. Han understreka òg kor viktig det er å ha næringslivet og frivillige med i samarbeidet.

Etter innlegget fekk alle medlemmane presentere seg. Mellom dei som tok ordet, var Telenor, Linja, Forsvaret ved Heimevernet og helseføretaket.

Når straum og kommunikasjon fell bort

Møtet vart avslutta med gruppearbeid på tvers av sektorar og bransjar. Målet var å bli betre kjende med kvarandre sine roller og ressursar og utforske kva deltakarane må løyse saman.

Eit scenario utan straum og vanlege kommunikasjonskanalar gav ei felles ramme for samtalane. Gruppene drøfta desse spørsmåla:

  • Kva er dei viktigaste utfordringane vi må løyse saman, og ikkje berre kvar for oss, når både straum og vanlege kommunikasjonskanalar er borte?
  • Korleis skal vi få kontakt, dele eit felles situasjonsbilete og nå ut med samordna informasjon når telefon og internett ikkje kan brukast? Kva må vere avtalt på førehand?
  • Kva konkrete, førebuande tiltak kan beredskapsrådet gjere før eit slikt scenario oppstår, og kva typar aktørar må vere med?
mann framfor presentasjon - Klikk for stort bileteBeredskapskontakt i Sande kommune presenterte formålet og visjonen for det felles beredskapsrådet. Det var Sande kommune som tok initiativ til å få oppretta rådet. Silje Scheide Mork